4 av Foreigner

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

4, òg kjend som Foreigner 4, er det fjerde studioalbumet til det britisk-amerikanske rockebandet Foreigner, gjeve ut den 2. juli 1981 på Atlantic Records. Fleire av singlane frå albumet vart hittar, inkludert «Urgent», «Waiting for a Girl Like You» og «Juke Box Hero».

Meir informasjon Foreigner-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Albumet vart ein suksess verda over og låg på toppen av Billboard-lista i totalt ti veker. Albumet har selt over sju millionar eksemplar i USA aleine.

Remove ads

Bakgrunn og låtskriving

Albumet skulle opphavleg heite Silent Partners, men tittelen vart seinare endra til 4, for å syne både at det var det fjerde albumet deira og at bandet no var blitt kutta ned til fire medlemmar. I 1981 vart kunststudioet Hipgnosis spurt om å lage eit omslag basert på originaltittelen, og dei utvikla eit svartkvitbilete av ein ung mann i ei seng med ein kikkert hengande i lufta over han.[3] Resultatet vart avvist av bandet sidan dei meinte det var «for homoseksuelt».[4] Coveret som vart nytta for 4 vart designa av Bob Defrin. Hipgnosis designa plateetiketten som vart nytta.

Albumet markerte ein full overgang til hardrock, som hadde byrja med Head Games. Både Ian McDonald og Al Greenwood hadde slutta før innspelinga av 4. Alle songane på albumet er derfor skrivne av Mick Jones og/eller Lou Gramm. McDonald og Greenwood hadde spelt høvesvis saksofon og klaverinstrument, så det måtte fleire studiomusikarar til å for erstatte dei, mellom andre Junior Walker, som spelte saksofosolo på mellomspelet på «Urgent», og ein ung Thomas Dolby.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Foreigner

Andre medverkande

Produksjon

  • Produsent av Robert John «Mutt» Lange og Mick Jones
  • Lydteknikar - Dave Wittman (sjefslydteknikar) og Tony Platt (grunnspor).
  • Andrelydteknikar – Brad Samuelsohn
  • Assisterande lydteknikarar – Edwin Hobgood og Michel Sauvage
  • Mastering - George Marino i Sterling Sound (New York, NY).
  • Kunstnarisk leiar – Bob Defrin
  • Design – Hipgnosis
  • Management – Bud Prager

Kringlydversjon

4 kom ut i 2001 i fleirkanals DVD-Audio,[5] og 14. september 2011 i ein hybrid stereo-fleirkanals Super Audio CD av Warner Japan.[6]

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...

Salslister

Album Billboard (USA)

Meir informasjon År, Liste ...

Singles – Billboard (USA)

Meir informasjon År, Singel ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads