Roots to Branches

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Roots to Branches er det 19. studioalbumet til det britiske rockebandet Jethro Tull, gjeve ut i september 1995. Musikken er prega av den klassiske kunst- og folkrocken til Jethro Tull frå 1970-åra i lag med påverknader frå jazz og arabisk musikk. Alle songane vart skrivne av Ian Anderson og spelt inn heimestudioet hans. Dette er det siste Tull-albumet med Dave Pegg på bass og det første med klaverspelar Andrew Giddings som offisielt bandmedlem, sjølv om han òg hadde medverka på Catfish Rising som studiomusikar. Det var òg det siste albumet til Tull som kom ut på det langvarige plateselskapet deira, Chrysalis Records.

Meir informasjon Jethro Tull-kronologi, Singlar frå ...

I januar 2007 kom albumet i ommastra utgåve, utan bonusspor.

Remove ads

Produksjon og musikkstil

Albumet var inspirert av ei reise Ian Anderson gjorde til India.[1]

Anderson sa om albumet: «Eg ser Roots to Branches som 90-talsutgåva av Stand Up, fordi det har mykje av dei same tinga som eg føler representerer nøkkelelementa i Jethro Tull: det er mykje fløyte, mange gitarriff og ein ganske stor palett av inspirasjonskjelder, frå blues og klassisk til austlege motiv, slik det òg var på Stand Up. Det einaste eg angrar på er at eg let det høyrast litt for 70-tals ut. Eg spelte inn albumet for at det skulle høyrast ut som det var spelt inn live, men når eg ser attende så syns eg at det burde ha vore litt meir variert».[2]

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

AllMusic var ikkje imponert, men likevel noko positiv i meldinga si: «Alle songane her har ein meir akutt karakter enn dei nylege Tull-albuma, og nokre har til og med minneverdige melodiar. Fløyta til Anderson tar stundom av, gitaren til Martin Barre skrik framleis i soloane, og Doane Perry (trommer), Dave Pegg (bass) og Steve Bailey (bass) utgjer ein ganske bra rytmeseksjon. Det er ikkje like solid som Catfish Rising, men betre enn noko anna sidan Heavy Horses».[5]

Salslister

Albumet selde mindre enn føregangaren og nådde berre 114. plassen på den amerikanske Billboard-lista, men 20. plassen på UK Albums Chart.[6]

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av Ian Anderson

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Jethro Tull
Andre medverkande
  • Steve Bailey – bassgitar (på spor 1, 6, 7, 8, 9 & 10)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads