Ruby Turner
britisk songar og skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Francella Ruby Turner (fødd 22. juni 1958) er ein britisk-jamaicansk R&B- og soulsongar, låtskrivar og skodespelar.
Turner er mest kjend for albuma og singlane sine i Europa og Nord-Amerika. Ho har arbeidd mykje som korvokalist for andre artistar, som Bryan Ferry, UB40, Steel Pulse, Steve Winwood, Jools Holland og Mick Jagger. Ho har òg skrive songar for musikarar som Lulu, Yazz og Maxi Priest.
Som ein av få britiske songarar, nådde Turner toppen av den amerikanske R&B-lista med «It's Gonna Be Alright» i februar 1990. Mellom 1986 og 1995 gjekk åtte av singlane hennar inn på UK Singles Chart med «I'd Rather Go Blind» som den mest suksessrike. Denne nådde 24. plassen i 1987.[1]
Remove ads
Diskografi
Album
Singlar
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads