Russesvartstrupe

art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Russesvartstrupe
Remove ads

Russesvartstrupe (Saxicola maurus), tidlegare asiasvartstrupe, er ein fugl i flugesnapparfamilien. Arten hekkar i det tempererte Asia og det austlegaste Europa og overvintrar i tropane i «den gamle verda».

Kjappe fakta

Det vitskaplege slektsnamnet Saxicola stammar frå latin saxum som tydar «stein» + incola «innbyggar»; artsepitetnamnet maurus er latinisert frå gresk 'maúros' (μαύρος) «svart»,[1] med tilvisning til den mørke oversida.

Remove ads

Systematikk og taksonomi

Som dei andre trastliknande flugesnapparar, vart taksona for slekta Saxicola tidlegare ofte plassert i trastefamilien, Turdidae.

Tidlegare vart S. maurus vanlegvis inkludert i S. torquatus som ein del av den europeiske svartstrupe. Mellom anna IOC World Bird List avgrensar S. torquatus til afrikasvartstrupe.[2]

Analyseresultat av mitokondrielt DNA-sekvensering og genetiske fingeravtrykk er ikkje endelege.[3][4] Saman med indisium frå morfologi, åtferd og biogeografi er det semje blant somme om å handsame russesvartstrupe som ein distinkt art. IOC-lista gjev fem underartar av russesvartstrupe:[2]

Tidlegare var også stejnegeri med utbreiing frå sentrale og austlege Sibir til Korea, og austover til Sakhalin, sørlege Kurilane og Japan, overvintring i Søraust-Asia og sørlegaste Kina, ein del av taksonet, men er no splitta ut til taigasvartstrupe, Saxicola stejnegeri.[4]

Remove ads

Skildring

Thumb
Nærbilde av ein hann nær Krasnojarsk i Sibir.
Thumb
Russesvartstrupe i India.

Nominatforma av russesvartstrupen liknar ein av dei næraste levande slektningane, den europeiske svartstrupen, S. rubicola, men er vanlegvis mørkare på oversida og har bleikare underside, med ein kvit overgump og lysare underparti med mindre oransje på brystet. Hannen i hekkedrakt har mørk overside og heilt svart hovud, manglar bruntonane til den europeiske svartstrupen, ein iaugefallande kvit krage opp mot skulderområdet, og eit avgrensa område med oransje på brystet. Det er stor variasjon i fjørdrakta mellom dei seks underartane, til dømes hannar av S. m. hemprichii har langt meir kvitt på undersida, S. m. przewalskii har langt meir raudbrunt på undersida, omtrent som arten svartstrupe.[5]

Hoa er langt mindre kontrastfull med bleikbrun overside og hovud, kvite skulderområde synleg i flukt og ein bleik, ustripa rustbeige overgump. Hannar i vinterdrakt er ei mellomform av hannar og hoer i sommardrakt, med svak, lys augebrynstripe, supercilium.

Kroppslengda kan variere i området 12 til 14 centimeter.[6]

Hannen har klikkande rop, som to småstein som er slått saman. Songen er høg og kvitrande som jernsporv, Prunella modularis, ein ikkje-relatert sporvefugl.

Remove ads

Utbreiing og økologi

Thumb
Hannfugl. Bilete frå Gilgit-Baltistan i Pakistan, 1. mai 2017.

Hekkeområdet dekker det meste av det tempererte Asia, frå omtrent 71 ° N i Sibir sør til Himalaya og aust til sentrale Mongolia, og vest til Aust-Tyrkia og mot Kaspihavet. Han hekkar òg i det nordaustlege Europa, hovudsakleg i Russland, men nokon gonger så langt vest som i Finland.[5]

Overvintringsområdet for trekkfuglen er frå Sør-Japan sør til Thailand og India, og vest til Nordaust-Afrika. Ved trekket når små mengder så langt vest som Vest-Europa, og eksepsjonelt så langt aust som Alaska i Nord-Amerika.

Russesvartstrupen er ein insektetar. Han hekkar på ope grov krattmark eller grov grasmark med spreidde buskar, frå havnivå til ca. 4000 moh. eller meir.

Sjølv om denne arten ikkje blir rekna som ein art av IUCN, er taksona utbreidde og vanlege og vil ikkje bli vurdert som ein trua art.[7]

Spontant i Noreg

Russesvartstrupen er ein jamleg streiffugl i Noreg. Talet på årlege individ har variert mellom 0 og 9, med ein topp i 2016. Dei fleste er registrerte i Rogaland fylke, men det finst òg to observasjonar i Finnmark. Dei fleste blir sett på hausten med ei overvekt i oktober månad.[8]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads