Ruwaished
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ruwaished er ein by heilt aust i Jordan i Mafraq guvernement. Han har eit folketal på 14 400 (2010). Karameh grenseovergang mellom Jordan og Irak ligg i Ruwaished nahiya.
Etter Irakkrigen i 2003, flykta kring 800 flyktningar frå Irak til den jordanske grensa, hovudsakleg palestinarar og somaliarar, der dei vart plasserte i Ruwaished flyktningleir i ingemannsland mellom Jordan og Irak.[1]
Remove ads
Geografi
Byen ligg in Mafraq guvernement kring 240 km aust for Amman. Ruwaished har eit ørkenklima med ein årsmiddelnedbør på 82,9 mm. Kring åtte delvis tørre dalar møter kvarandre på sletta ved Ruwaished, som er det nest største nedslagsfeltet i den nordlege ørkenregionen etter Azraq. Vatnet som flyt frå desse wadiane om vinteren kompenserer for den låge årsnedbøren i Ruwaished. Byen ligg 683 meter over havet.
Remove ads
Historie
Ein veit ikkje nøyaktig når Ruwaished-området først vart busett, men det finst romerske reservoar her, som Burqu-dammen. Dette indikerer at området var ein stoppe stad for romerske og bysantinske armear, og markerte den austlege grensa til Austromarriket, eller var ein del av dei romerske vasallstatane.
Under Irakkrigen i 2003 fekk Ruwaished mykje merksemd i media, då mange korrespondentar brukte byen som base for å dekkje krigen.
Remove ads
Demografi
I folketeljinga i 2004 hadde Ruwaished eit folketal på 12 098.[2]
Sjå òg
- Karameh grenseovergang
- Mafraq guvernement
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads