Samiske kommunar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Samiske kommunar er kommunar i Noreg, Finland, Sverige og Russland der eitt eller fleire samiske språk har ein offisiell status.
Desse kommunane er:
Remove ads
Finland
Sverige

I det opphavlege samiske forvaltingsområdet var det fire kommunar, Arjeplog, Jokkmokk, Gällivare og Kiruna. Sidan har det vore fire utvidingar av forvaltingsområdet, hhv. i 2010, 2012, 2018 og 2019. Med den siste utvidinga 1. januar 2024[1] utgjer forvaltingsområdet for dei samiske språka no 26 kommunar.[2][3] Lova presiserer ikkje kva samisk(e) språk som er offisielt språk innanfor kvar kommune.
- Arjeplog (lulesamisk)
- Arvidsjaur
- Berg
- Dorotea (2012)
- Gällivare (nordsamisk)
- Härjedalen
- Jokkmokk (lulesamisk, nordsamisk)
- Kiruna (nordsamisk)
- Krokom (sørsamisk)
- Luleå (2018)
- Lycksele
- Malå
- Sorsele
- Skellefteå (2024)
- Stockholm (2019)
- Storuman
- Strömsund
- Sundsvall (2018)
- Umeå
- Vilhelmina
- Vindeln (2019)
- Åre
- Åsele (2018)
- Älvdalen
- Örnsköldsvik (2019)
- Östersund
Remove ads
Noreg
I det opphavlege forvaltningsområdet for samisk språk frå 1.1.1992 var det berre seks kommunar, alle frå nordsamisk område, fem i Finnmark og éin (Kåfjord) i Troms.[4] I dag består forvaltningsområdet av følgjande 13 kommunar,[5] og alle dei tre ulike samiske språka som blir bruka i Noreg er representerte:
- Hamarøy (lulesamisk, frå 1.1.2020)[5]
- Hattfjelldal (sørsamisk, frå 1.7.2017)[6]
- Karasjok (nordsamisk, frå 1.1.1992)
- Kautokeino (nordsamisk, frå 1.1.1992)
- Kåfjord (nordsamisk, frå 1.1.1992)[7]
- Lavangen (nordsamisk, frå 1.1.2009)
- Nesseby (nordsamisk, frå 1.1.1992)
- Porsanger (nordsamisk, frå 1.1.1992)
- Røros (sørsamisk, frå 1.7.2018)[8]
- Røyrvik (sørsamisk, frå 1.1.2013)
- Snåsa (sørsamisk, frå 1.1.2008)
- Tana (nordsamisk, frå 1.1.1992)
- Tjeldsund (nordsamisk, frå 1.7.2020)[9]
Potensiell ny samisk kommune
- Bodø vedtok i bystyret 9.12.2021 å søka innlemming i forvaltningsområdet for samisk språk.[10] Det er uklart om søknaden er send, og ev. når det vil verta gjort vedtak om innlemming av Kongen i Statsråd.[11] Det litt spesielle med Bodø sin situasjon er at kommunen strekkjer seg over to samiske språkområde, lulesamisk og pitesamisk, og kommunen ønskjer derfor å søkja innlemming for begge språka. Bodø vil i så fall verta den fyrste samiske kommunen med to offisielle samiske språk, den andre lulesamiske kommunen (etter Hamarøy), og den aller fyrste pitesamiske kommunen.
Tidlegare samisk kommune
- Tysfjord (lulesamisk, frå 1.1.2006 til 31.12.2019) er frå 2020 delt i to, og inngår i dag i høvesvis nye Hamarøy og Narvik kommunar. Nye Hamarøy kommune vart med dette innlemma i språkforvaltningsområdet, men ikkje nye Narvik kommune.
Russland
- Lovozerskij rajon (kildinsamisk er skulespråk, men ikkje administrasjonsspråk)
Sjå også
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads