Samppa Lajunen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Samppa Kalevi Lajunen (fødd 23. april 1979) er ein finsk tidlegare kombinertløpar frå Åbo som mellom 1997 og 2002 tok medaljar i samtlege internasjonale meisterskap. Høgdepunktet kom under OL 2002 i Salt Lake City, der han tok tre av tre moglege gullmedaljar. Han vann eitt VM-gull i lagtevlinga 1999, fem VM- og OL-sølv, i tillegg til tre bronsemedaljar i to ulike verdsmeisterskap. Lajunen vann verdscupen i kombinert i 1997 og 2000, medan han 2002 og 2004 kom på andreplassen i same. Mellom 1997 og 2004 sigra han i 20 renn i verdscupen.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Lajunen vann verdscupen i kombinert i 1997. Same sesongen fekk han si fyrste VM-medalje, ein sølvmedalje i lagtevlinga under verdsmeisterskapen på ski i Trondheim. Han gjekk då tredjeetappen for det finske lag som var i mål vel 45 sekundar bak gullaget til Noreg. I den individuelle tevlinga kom han heilt nede på 17. plass.

Under dei olympiske leikane i Nagano i 1998 tok Lajunen sølvmedaljen bak Bjarte Engen Vik i det individuelle rennet, før han så fekk eit nytt lagsølv med Finland. Som i olympiaden året før vart Vik for sterk i normaløvinga i ski-VM 1999 i Ramsau, med Lajunen på ein klar andreplass. I lagtevlinga gjekk Lajunen Finland til ein overlegen siger; Hannu Manninen, Tapio Nurmela og Jari Mantila var dei andre verdsmeistrane. Til sist i meisterskapen kom Lajunen på femteplass i den nye meisterskapsøvinga med sprint/halvprogram.

Gjennom 2000-sesongen, då det ikkje vart arrangert internasjonalt meisterskap for kombinert-utøvarane, steig Lajunen til topps i heile åtte renn i verdscupen. Han kom dessutan seks gongar på andreplass i verdscuprenn, og vann FIS sin kombinertpokal på suverent vis.

finsk heimebane i Lahti 2001 fekk Lajunen sølvmedaljen i begge dei individuelle øvingane. Han var over minuttet bak Vik i normaløvinga, men berre 6,2 sekundar bak tyske Marco Baacke i halvprogrammet. I lagtevlinga vart det bronse på Lajunen og Finland.

Lajunen vann alle kombinertøvingane under vinter-OL 2002 i Salt Lake City. Han opna med å vinne normaløvinga, knappe 25 sekundar føre landsmannen Jaakko Tallus. I lagtevlinga gjekk Lajunen den fyrste etappen for Finland på den avsluttande stafetten, og vart etterfylgd av Mantila, Tallus og Manninen, sistnemnde gjekk i mål vel sju sekundar føre Tysklands ankermann. Den 27. februar fullførte Lajunen sin storeslem då han vann halvprogrammet med ni sekundars forsprang til Ronny Ackermann, tyskaren som tok sølvmedaljen.

I sin siste sesong som kombinterløpar, 2003, tok Lajunen bronsemedaljen i normaløvinga i ski-VM 2003 i Val di Fiemme. Han fekk ein ny bronse i lagtevlinga, og vart så nummer åtte i halvprogrammet.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap

  • Trondheim 1997: Sølvmedalje i lagtevlinga
  • Nagano 1998: Sølvmedalje i den individuelle øvinga og i lagtevlinga
  • Ramsau 1999: Sølvmedalje i normaløvinga og gullmedalje i lagtevlinga
  • Lahti 2001: Sølvmedalje i begge dei individuelle renna, bronsemedalje i lagtevlinga
  • Salt Lake City 2002: Gullmedalje i begge dei individuelle renna, samt i lagtevlinga
  • Val di Fiemme 2003: Bronsemedaljar i normaløvinga og i lagtevlinga

Verdscupsigrar

Meir informasjon Dato, Stad ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads