Hannu Manninen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hannu Kalevi Manninen (fødd 17. april 1978) er ein finsk, tidlegare kombinertrennar og langrennsløpar frå Rovaniemi, som vann kombinertpokalen i verdscupen fire år på rad, 2004-2007. Manninen vart verdsmeister i kombinert-sprint i 2007, og vann tre gullmedaljar, to sølvmedaljar og tre bronsemedaljar for Finland i ulike verdsmeisterskap og olympiske leikar i tida 1997-2007. Mellom mars 1996 og mars 2010 vann han 48 renn i verdscupen i kombinert, noko som er rekord for kombinert.
Langrennsløparen Pirjo Muranen er systera hans.
Remove ads
Aktiv
Manninen debuterte internasjonalt under OL 1994 på Lillehammer, før han var fylt 16 år. Han vart juniorverdsmeister i kombinert i 1995 og 1998. Den 23. februar 1996 oppnådde han sin fyrste pallplass i verdscupen, han vart då nummer to etter norske Knut Tore Apeland i eit renn i Trondheim. Fjorten dagar seinare gjekk han til topps i Svenska skidspelen i Falun, hans fyrste verdscuptriumf.
Sigeren i Falun var den fyrste av 48 triumfar i verdscuprenn i kombinert i tida 1996-2010. I tolv av desse femten sesongane noterte han seg for ein eller fleire sigrar i kampen om FIS-pokalen i kombinert. Dei to sesongane han ikkje kunne stige til topps på sigerspallen var 2001 og 2008, i 2009 var han ikkje aktiv i skiidrett. Manninen vart nummer to i verdscupen i kombinert i 1999-sesongen, berre slått av Bjarte Engen Vik frå Noreg. Alle dei fire sesongane frå 2004 til 2007 gjekk han til topps verdscupen. Flest sigrar tok han i 2006-sesongen, då han vann heile tolv renn.
Trass i Manninens dominans gjennom fleire år, sleit han med å lukkast individuelt i dei store meisterskapane. Særleg tydeleg var dette i 2006, då han hadde vunne dei siste sju verdscuprenna føre vinterolympiaden i Torino. Der enda han på niande og tolvte plass i dei individuelle tevlingane. Året etter vann han sin einaste individuelle meisterskapsmedalje, då han under ski-VM i Sapporo sikra seg gullmedaljen i halvprogrammet/sprintøvinga. I den same meisterskapen vann han sitt andre VM-gull for Finland i lagøvinga, saman med Anssi Koivuranta, Janne Ryynänen og Jaakko Tallus. Det fyrste VM-gullet i lagøvinga fekk han i 1999, då saman med Tapio Nurmela, Jari Mantila og Samppa Lajunen. Dessutan vann Manninen OL-gull i 2002 saman med Tallus, Mantila og Lajunen. Gjennom dei elleve sesongane 1997-2007 sikra Manninen seg åtte (3-2-3) medaljar i lagøvinga i VM og OL.
Manninen hadde sin styrke i langrennssporet, og var attpå ein sterk spurtar. Han deltok fleire gongar i sprintøvinga i langrenn, også i verdscupen. Under OL i 2002 vart han nummer åtte i sprint-langrennet.
Manninen la opp i 2011.
Individuelle medaljar og besteplasseringar i meisterskap
- VM 1997 i Trondheim: Nr 6
- OL 1998 i Nagano: Nr 11
- VM 1999 i Ramsau: Nr 4 i halvprogrammet
- VM 2001 i Lahti: Nr 4 i normaløvinga og nr 6 i halvprogrammet
- OL 2002 i Salt Lake City: Nr 7 i halvprogrammet i kombinert, nr 8 i langrennssprint
- VM 2003 i Val di Fiemme: Nr 11 i normaløvinga
- VM 2005 i Oberstdorf: Nr 8 i halvprogrammet, nr 9 i normaløvinga
- OL 2006 i Torino: Nr 9 i normaløvinga
- VM 2007 i Sapporo: Gullmedalje i halvprogrammet, nr 6 i normaløvinga
- OL 2010 i Vancouver: Nr 4 i Storbakke/10km
- VM 2011 i Oslo: Nr 16 i Storbakke/10km
Lag-medaljar i meisterskap
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- (en) Hannu Manninen – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.
- (en) Hannu Manninen – Profil og resultatoversikt hos FIS
- (en) Hannu Manninen – Profil og resultatoversikt hos FIS
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads