Sark
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sark[b] er ei lita øy sørvest i den engelske kanalen. Ho er ei av Kanaløyane og høyrer til Bailiwick of Guernsey og er slik ein britisk kroneigedom. Øya har kring 600 innbyggjarar. Hovudnæringa er turisme, handverk og finans. Sark har eit areal på 5,45 km²[2] og var det siste europeiske området som avskaffa føydalismen, i 2008.
Remove ads
Sark består av to hovuddelar, Greater Sark, og Little Sark i sør. Dei er knytte til kvarandre med eit smalt eid, La Coupée, som er 90 meter langt og har eit bratt fall på 100 meter på kvar side.[3]. Det vart sett opp rekkverk i 1900. Før dette måtte born krype over for å ikkje blese utfor kanten. Det går ein smal betongveg over eidet, bygd av tyske kringsfangar i 1945.
Det høgaste punktet på Sark er 114 meter over havet.[3] Det står ei vindmølle frå 1571 på dette punktet, men segla vart fjerna under den første verdskrigen. Dette er òg det høgaste punktet i heile Bailiwick of Guernsey.
![]() |
Remove ads
Merknader
- fransk Sercq, sercquiais Sèr
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads