Scheelitt er eit oftast grått, gulkvitt eller brunt mineral og ein viktig wolfram-malm. Kjemisk sett er det eit kalsiumwolframat, CaWO4 som krystalliserer tetragonalt. Det er særs tungt og tettleiken er kring 6 g/cm3. Det fluorescerer kraftig i ultrafiolett ljos, frå blåkvitt for rein scheelitt til sterkt gult med aukande molybdeninnhald (isomorf blandbarheit med powellitt, CaMoO4).
Kjappe fakta Generelt, Kategori ...
| Scheelitt |
 |
|
| Generelt |
|---|
| Kategori | Wolframatmineral |
|---|
| Kjemisk formel | CaWO4 |
|---|
| Strunz-klassifisering | 07.GA.05 |
|---|
| Krystallsymmetri | Tetragonal 4/m |
|---|
| Einingscelle | a = 5.2429(3) Å, c = 11.3737(6) Å; Z=4 |
|---|
| Identifikasjon |
|---|
| Farge | fargelaus, kvit, grå, brun, bleik gul, guloransje, bleik tonar av oransje, raud, grøn; kan vere stripete |
|---|
| Krystallform | Pseudo-åttesidig, massive, skiveforma, korna |
|---|
| Krystallsystem | Tetragonal - Dipyramidal |
|---|
| Tvilling | Vanleg, penetrerings- og kontakttvillingar, komposisjonsplane {110} eller {001} |
|---|
| Kløyv | på {101}, tydeleg; på {112}, forstyrra; på {001}, utydeleg |
|---|
| Brot | Undermuslig til ujamn |
|---|
| Fastleik | Sprø |
|---|
| Mohs hardleiksskala | 4.5-5 |
|---|
| Glans | glasaktig til adamantin |
|---|
| Strekfarge | Kvit |
|---|
| Transparens | Gjennomsiktig til ugjennomsiktig |
|---|
| Spesifikk vekt | 5.9–6.1 |
|---|
| Optiske eigenskapar |
|---|
| Optiske eigenskapar | Einaksa (+) |
|---|
| Brytingsindeks | nω = 1.918 - 1.921 nε = 1.935 - 1.938 |
|---|
| Dobbeltbryting | δ = 0.017 |
|---|
| Pleokroisme | Avgjort dikorisk i gul (gul til oransje-brun) |
|---|
| Smeltbarheit | Med vanskar |
|---|
| Oppløyselegheit | Oppløyseleg i syrer |
|---|
| Andre eigenskapar | fluorescens under kortbølgja UV er lyseblå, blåkvit til gul. Prøvar med meir molybden fluorescer kvit til gul, liknande powellitt. Stundom raud fluorescens under mellombølgje UV. |
|---|
| Kjelder | [1][2][3][4] |
Lukk
Scheelitt vart først skildra i 1781 etter ein førekomst i Bispbergs klack i Säter i Dalarna i Sverige, og kalla opp etter Carl Wilhelm Scheele (1742–1786).[2]
I Noreg er det kjent frå mellom anna Ørsdalen i Bjerkreim (saman med wolframitt) der det tidlegare var gruvedrift og frå einskilde molybdenittførekomstar. Mineralet er dessutan ganske utbreidd i kontaktsonene til Oslofeltet (Skreia, Grua, Eikeren). Spesielt store krystall er kjent frå Korea og Kina.