Molybdenitt eller molybdenglans er eit blygrått, metallisk mineral som består av molybdensulfid, MoS2. Utsjånaden liknar på grafitt, men det har ein annan strekfarge. Molybdenglans finst som regel i granittiske bergartar, og finst anten som impregnasjon eller på kvartsgangar. Mineralet er den viktigaste molybdenmalmen.
Kjappe fakta Generelt, Kategori ...
| Molybdenitt |
 Idiomorf molybdenitt på kvarts, Molly Hill-gruva i Quebec i Canada. Det store krystallet er 15 mm på tvers |
|
| Generelt |
|---|
| Kategori | Sulfidmineral |
|---|
| Kjemisk formel | MoS2 |
|---|
| Strunz-klassifisering | 02.EA.30 |
|---|
| Krystallsymmetri | Heksagonal diheksagonal dipyramidal H-M-symbol: (6/m 2/m 2/m) Romgruppe: P 63/mmc |
|---|
| Einingscelle | a = 3.16 Å, c = 12.3 Å; Z = 2 |
|---|
| Identifikasjon |
|---|
| Farge | Svart, bly-sølvgrå |
|---|
| Krystallform | Tynne, plateaktig heksagonal krystallar endar i pinakoidal flater, òg som smalnande sekssida pyramidar som kan vere avstumpa av pinakoidar. Òg massiv, lamellert og i små korn i sulfidmalm |
|---|
| Krystallsystem | Heksagonal |
|---|
| Kløyv | perfekt på [0001] |
|---|
| Fastleik | Lamell fleksibel, ikkje elastisk |
|---|
| Mohs hardleiksskala | 1–1.5 |
|---|
| Glans | Metallisk |
|---|
| Strekfarge | Blågrå |
|---|
| Transparens | Nesten ugjennomsiktig; gjennomskineleg i tynne flak |
|---|
| Spesifikk vekt | 4.73 |
|---|
| Optiske eigenskapar |
|---|
| Pleokroisme | Særs sterk |
|---|
| Smeltbarheit | Usmelteleg (bryt saman ved 1185 °C) |
|---|
| Andre eigenskapar | Det har ei feittete kjensle og gjev flekkar på fingrar |
|---|
| Kjelder | [1][2][3][4] |
Lukk
Noreg var tidlegare ein viktig molybdenprodusent, særleg frå Knaben gruver i Vest-Agder. Andre større førekomstar i Vest-Agder er Kvina og Flottorp, i Telemark til dømes Dalen og Bandaksli, og i Nord-Noreg Oterstrand og Laksådalen i Gildeskål. Ein har òg funne einskilde førekomstar i drammensgranitt i Oslofeltet, mellom Sørumsåsen og Rørvik.