Sefardar

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sefardar
Remove ads

Sefardar eller sefardiske jødar (hebraisk סְפָרַדִּי, sefardím, moderne hebraisk sfaraddi tiberisk səp̄āraddî - «Sefarad» er eit jødisk namn på den iberiske halvøya[1]) er primært jødar med historiske røter i mellomalderens Spania og Portugal. Desse blei tvinga i eksil eller i skjul av Alhambra-ediktet av 1492, og slo seg særleg ned i andre middelhavsland og i Nederland.[2] Namnet blir i praksis òg brukt om ikkje-iberiske jødar som stammar frå arabisk-språklege land, såvel som heilt generelt om jødar av ikkje-askenasisk opphav.

Thumb
Sefardisk familie i Bosnia på 1800-talet.
Thumb
Jødisk feiring i Tétouan. Måleri av Alfred Dehodencq frå 1865.
Thumb
Side frå Barcelona-haggadaen frå 1300-talet.

Sefardiske jødar i den opphavlege tydinga inkluderer først og fremst jødar frå Marokko, Algerie, Hellas, Tyrkia, og i tillegg mange jødar frå Italia, Frankrike, Belgia, Nederland, Storbritannia, Amerika og Israel. Tidlegare talte dei fleste sefardar spansk, jødespansk eller portugisisk. Ein særleg variant av det spanske eller jødespanske språket bruka av sefardiske jødar er «ladino», som kan skildrast som strengt ordrette omsetjingar frå hebraisk til spansk eller jødespansk.[1] Frå midten av 1900-talet har det gradvis vorte vanleg å bruke namnet «ladino» for det jødespanske språket.

Remove ads

Kjende sefardiske jødar


  • Maurice Abravanel, dirigent
  • Baruj Benacerraf, immunolog, nobelprisvinnar i medisin
  • Judah P. Benjamin, britisk/amerikansk politikar og jurist
  • Benjamin N. Cardozo, amerikansk høgsterettsdommar
  • Anthony Caro, bilethoggar
  • Mario Castelnuovo-Tedesco, italiensk-sefardisk komponist
  • Eydie Gormé, amerikansk-sefardisk songar
  • Jehudá Halleví, diktar
  • Sidney Hart, britisk fagforeiningsleiar
  • Otto Klemperer, dirigent (sefardisk mor & askenasisk far)
  • David Levy, israelsk politikar
  • Salvador Luria, nobelprisvinnar i medisin
  • Daniel Mendoza, britisk boksar
  • Martinus M. Rodrigues Pereira
  • Neil Sedaka, songar
  • Alexander von Zemlinsky, komponist (sefardisk morfar)
Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads