Selbu kommune
kommune i Trøndelag fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Selbu (sørsamisk Saalboge) er ein kommune i Trøndelag fylke. Han grensar i nord mot Malvik og Stjørdal, i aust til Meråker og Tydal, i sør til Holtålen og Midtre Gauldal, og i vest til Melhus og Klæbu kommune. Geografisk er Selbu ein sidedal til Stjørdalen.
Remove ads
Geografi
- Skarvan og Roltdalen nasjonalpark ligg på nordsida av hovuddalføret.
- Dragsten
- Innbygda i Selbu
Næringsliv
Kommunen er kjent for strikking, og mønsteret selburosa, som er gjengitt i kommunevåpenet, finst på eit stort tal vottar, strømper og så vidare frå kommunen.
Selbu er også kjent for store kvernsteinsbrot i fjellet ved Kvernfjellvatn. Desse brota var i drift i nærare 1500 år fram til 1930-åra. Allereie i vikingtida fann det stad eksport herfrå til heile Noreg, Danmark og Sør-Sverige, seinare også til Russland.
Selbu er ein skogkommune og har Kjeldstad sag og trelast som hjørnesteinsbedrift.
Remove ads
Kjente selbyggar
- Peder Morset (1887–1943), motstandsmann under krigen
- Belle Gunness (1859–ca. 1908), massemordar i USA
- Oscar Tybring (1847–1895), grunnleggjar av Redningsselskapet
- Reidar Morset (1918–2001), programleiar for Morgengymnastikken i NRK radio
- Kristen Kvello (1931–1998), skiløpar og speakar
- Berit Aunli (f. 1956), langrennsløpar
- Grete Ingeborg Nykkelmo (f. 1961), langrennsløpar
- Kjersti Synneva Moen (f. 1995), illustratør og teikneserieskapar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads