Shericka Jackson
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Shericka Jackson (fødd 16. juli 1994) er ein jamaikansk sprintar som vart verdsmeister på 200 meter i så vel 2022 som i 2023. I dei to meisterskapane fekk ho notert dei to beste 200-metertidene, 21,45 og 21,41 sekund, utanom sjølve verdsrekorden på distansen. Jackson har også vunne VM-gull med Jamaica i 4 x 400 meter stafett i 2015 og i 4 x 100 m stafett i 2019, samt OL-gull i 4 x 100 m stafett i 2021. Åra frå 2015 til 2023 vann ho også fire sølvmedaljar og to bronsemedaljar i verdsmeisterskap, pluss to bronsemedaljar i olympiske leikar.
Remove ads
Aktiv
Jackson sprang inn til bronse på 400 meter då Friidretts-VM 2015 vart avvikla i Beijing. Tre dagar seinare tok ho seg av den andre etappen då Jamaica slo USA med 0,3 sekund og sikra seg gull i 4 x 400 m stafett. Under dei olympisk sommarleikane 2016 i Rio de Janeiro 2016 vann ho ein ny bronse på 400 m, som i Beijing måtte ho sjå seg slått av Shaunae Miller og Allyson Felix. I 4 x 400 m stafett tok Jamaica og Jackson OL-sølv.
Ved verdsmeisterskapen 2019 i Doha sette Jackson personleg rekord med tida 49,47 sekund og var tilbake på bronseplassen på distansen. Deretter sprang ho ankeretappane for Jamaica både på den korte og den lange stafetten. På 4 x 100 m stafett sigra ho saman Nataliah Whyte, Shelly-Ann Fraser-Pryce og Jonielle Smith, medan det på 4 x 400 m stafett vart bronse på Jackson.
Då dei olympiske sommarleikane fann stad i Tokyo sommaren 2021, deltok Jackson i fire ulike tevlingar. Den 31. juli syrgde ho for jamaikansk storeslem på 100 m, med 10,76 sekund og personbeste tok ho bronsemedaljen, landskvinnene Elaine Thompson-Herah og Fraser-Pryce vann gull og sølv. 2. august rauk Jackson ut or 200-meteren allereie i forsøket. 6. august sprang ho Jamaica inn til gullmedalje på 4 x 100 m stafett, tida 41,02 sekund var landsrekord, dagen etter var ho del av Jamaicas bronselag i 4 x 400 m stafett. 9. september 2021 presterte Jackson tida 21,81 og personbeste ved eit DL-stemne i Zürich.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
- VM 2015 i Beijing: Bronse på 400 m – 49,99. Gull i 4 x 400 m stafett (3.19,1)
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Bronse på 400 m – 49,85. Sølv i 4 x 400 m stafett (3.20,3)
- VM 2017 i London: Nr 5 på 400 m – 50,85
- VM 2019 i Doha: Bronse på 400 m – 49,47. Gull i 4 x 100 m stafett , bronse i 4 x 400 m stafett (3.22,3)
- OL i 2021 i Tokyo: Bronse på 100 m – 10,76. Gull i 4 x 100 m stafett og bronse i 4 x 400 m stafett. Utslått i kvalifiseringa på 200 m (23,26 =nr 29)
- VM 2022 i Eugene: Gull på 200 m – 21,45, sølv på 100 m – 10,73, og sølv i 4 x 100 m stafett
- VM 2023 i Budapest: Gull på 200 m – 21,41, sølv på 100 m – 10,72, og sølv i 4 x 100 m stafett
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Shericka Jackson» frå Wikipedia på engelsk, den 21. mai 2022.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads