Silly Love Songs
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Silly Love Songs» er ein song skriven av Paul McCartney og Linda McCartney og framført av Wings. Songen kom ut i 1976 på albumet Wings at the Speed of Sound. Songen vart gjeven ut som singel i 1976, med B-sida «Cook of the House». Songen vart skriven som eit svar til musikkritikarar som skulda McCartney for berre å skrive «dumme kjærleikssongar» og «sentimentalt kliss», og hadde òg element av disco.[1]
Remove ads
Utgjeving
Den amerikanske singelen vart gjeven ut den 1. april 1976[2] og låg fem veker på rad på toppen av Billboard Hot 100.[3][4] «Silly Love Songs» vart òg rangert øvst på årslista til Billboard for 1976. Det var òg den andre av tre songar gruppa hadde på toppen av Easy Listening-lista.[5] Singelen selde til gullplate i USA for meir enn ein million selde eksemplar.[6] Billboard rangerte òg «Silly Love Songs» som den beste av alle singlane Paul McCartney gav ut på Hot 100.[7] I 2008 vart songen rangert på 31. plassen på lista over dei beste songane på Billboard-lista gjennom tidene.[8] I Storbritannia kom singelen ut 30. april 1976[2] og nådde andreplassen på UK Singles Chart.[9][10]
Songen var den 27. førsteplassen til McCartney som låtskrivar, som var ny rekord for ein låtskrivar. Med denne songen vart McCartney den første personen som hadde førsteplassar på ei Billboard-årsliste som medlem av to forskjellige band. Dei første på ei slik liste var «I Want to Hold Your Hand» i 1964 og «Hey Jude» i 1968.
«Silly Love Songs» har sidan kome ut på mange samlealbum av McCartney.
Remove ads
Andre innspelingar
I 1976 gav Wings ut eit konsertopptak av «Silly Love Songs» for det triple konsertalbumet Wings Over America. I 1984, tre år etter Wings var oppløyst, spelte Paul McCartney inn «Silly Love Songs» for filmmusikkalbumet til Give My Regards to Broad Street.
Salslister
Medverkande
Wings
- Paul McCartney – solovokal, bass
- Linda McCartney – korvokal, klaverinstrument
- Jimmy McCulloch – sologitar
- Denny Laine – korvokal, rytmegitar
- Joe English – trommer
Andre musikarar
- Tony Dorsey – trombone
- Thaddeus Richard – saksofon
- Steve Howard – trompet
- Howie Casey – saksofon
Andre versjonar
- I 1977 spelte den walisiske songaren Shirley Bassey inn songen på albumet hennar You Take My Heart Away.[24]
- I 1978 framførte den britiske popsongaren Greg Bonham songen på ein konsert i Moskva som kom ut på eit album (Melodiya ?60–11121-2).[25]
- I 1995 spelte det amerikanske rockebandet The Replicants inn songen på albumet Replicants, med Maynard James Keenan på vokal.[24][26]
- I 1996 framførte Red House Painters songen på albumet deira Songs for a Blue Guitar.[27]
- Wings-medlemmet Denny Laine spelte inn «Silly Love Songs» på albumet sitt Wings at the Speed of Denny Laine.[28]
- I 1998 spelte den amerikanske songaren Stevie B inn ein versjon for albumet sitt Right Here, Right Now.
- I 1999 gav den newzealandske gruppa Ardijah ut ein R&B-versjon av songen. Denne toppa den newzealandske singellista i ei veke de 14. februar 1999.[29]
- I 2001 song Nicole Kidman og Ewan McGregor songen i «Elephant Love Medley» i filmen Moulin Rouge!
- I 2011 vart songen nytta i ein episode av Glee.[30][31] Songen vart framført av Darren Criss (som speler Blaine Anderson).
- I 2015 spelte John Pizzarelli inn songen på albumet sitt Midnight McCartney.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads