Give My Regards to Broad Street

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Give My Regards to Broad Street er det femte studioalbumet til Paul McCartney og inneheld musikken til filmen med same namn frå 1984. Albumet gjekk til topps på den britiske albumlista. Den første singelen, «No More Lonely Nights», vart nominert til BAFTA og Golden Globe. Det var det siste albumet hans som kom ut på Columbia Records, som hadde vore det amerikanske selskapet hans dei siste fem åra.[7]

Meir informasjon Paul McCartney-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads
Remove ads

Songar

Det meste av albumet består av nyinnspelingar av tidlegare Paul McCartney-songar for The Beatles og Wings: «Good Day Sunshine», «Yesterday», «Here, There and Everywhere», «Silly Love Songs» , «For No One», «Eleanor Rigby» og «The Long and Winding Road». Det var òg nyinnspelingar frå nyare McCartney-album, «Ballroom Dancing» og «Wanderlust» frå Tug of War og «So Bad» frå Pipes of Peace.[8] I tillegg til «No More Lonely Nights» (som òg kom ut i ein dance-versjon), er dei einaste nye songane på albumet «Not Such a Bad Boy», «No Values» og ein symfonisk versjon av «Eleanor Rigby» kalla «Eleanor's Dream». Albumet var for langt til å få plass til alt på vinylutgåva, og songane der vart korta ned. På kassett-utgåva og den seinare CD-utgåva vart songen gjevne ut i full lengd. CD-utgåva inneheld òg eit bonusspor, «Goodnight Princess», som var ein song i 40-talsstil. Beatles-songane på albumet vart oppførte som skrivne av «McCartney-Lennon» i staden for den vanlege «Lennon-McCartney».

Remove ads

Utgjeving

Singelen «No More Lonely Nights (Ballad)» kom ut før albumet og nådde Topp 10 i mange land. David Gilmour spelte gitar på denne songen. Give My Regards to Broad Street gjekk til topps på den britiske albumlista og selde til gullplate der, medan det berre nådde 21. plassen i USA.

Samstundes med at filmen hadde premiere i november, kom McCartney si Rupert Bear-innspeling, «We All Stand Together,» frå 1980 ut under artistnamnet Paul McCartney and the Frog Chorus. Dette vart ein hit i Storbritannia og nådde tredjeplassen. Den animerte musikkvideoen vart vist like før kinovisinga av Give My Regards to Broad Street.

Remove ads

Innhald

Alle songar av Paul McCartney, utanom der andre er nemnde.

CD-spor Kassett-spor LP-spor Tittel CD-tid LP-tid Merknad
1 A1 A1 «No More Lonely Nights (ballad)» 5:13 4:42 Med David Gilmour på sologitar
2 A2 A2 «Good Day Sunshine» 2:33 1:49 (Lennon–McCartney) Originalversjonen på The Beatles-albumet Revolver
A3 A3 «Corridor Music» 0:19
3 A4 A4 «Yesterday» 1:43 1:43 (Lennon–McCartney) Originalversjonen på The Beatles-albumet Help!
4 A5 A5 «Here, There and Everywhere» 1:43 1:45 (Lennon–McCartney) Originalversjonen på The Beatles-albumet Revolver
5 A6 A6 «Wanderlust» 4:07 2:48 Originalversjonen på soloalbumetTug of War
6 A7 A7 «Ballroom Dancing» 4:51 4:35 Med John Paul Jones på bassgitar. Originalversjonen på soloalbumetTug of War
7 A8 A8 «Silly Love Songs» 5:27 4:31 Originalversjonen på Wings-albumet Wings at the Speed of Sound
A9 B1 «Silly Love Songs (reprise)» 0:36
8 A10 B2 «Not Such a Bad Boy» 3:29 3:19
9 B1 «So Bad» 3:25 Originalversjonen på soloalbumetPipes of Peace
10 B2 B3 «No Values» 4:12 4:13 No More Lonely Nights (ballad reprise) er feilaktig oppført som å gli over i «No Values» på CD-utgåva frå 1993
11 B3 B4 «No More Lonely Nights (ballad reprise)» 2:12 0:13
B4 B5 «For No One» 1:58 (Lennon–McCartney) Originalversjonen på The Beatles-albumet Revolver
12 B5 B6 «Eleanor Rigby» 9:10 2:07 (Lennon–McCartney) Originalversjonen på The Beatles-albumet Revolver
B7 «Eleanor's Dream» 1:01
13 B6 B8 «The Long and Winding Road» 3:57 3:47 (Lennon–McCartney) Originalversjonen på The Beatles-albumet Let It Be
14 B7 B9 «No More Lonely Nights (playout version)» 5:03 4:26
15 «Goodnight Princess» 3:58 På den originale CD-utgåva på Columbia (CK 39613) er songen oppført som «Goodnight Lonely Princess»
Bonusspor i 1993
CD-spor Kassett-spor LP-spor Tittel CD-tid LP-tid Merknad
16 «No More Lonely Nights (extended version)» 8:11 «No More Lonely Nights (extended version)» er feilaktig oppført med tida 6:56 i CD-heftet og CD-plata.

«No More Lonely Nights (special dance edit)» er feilaktig oppført som «No More Lonely Nights (special dance mix

17 «No More Lonely Nights (special dance mix)» 4:21
Remove ads

Medverkande

Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (1984), Plassering ...

Salstrofé og salstal

Meir informasjon Region, Salstrofé ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads