Sion i Sveits

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sion i Sveitsmap
Remove ads

Sion (tysk Sitten, Latin Sedunum) er hovudstade i den sveitsiske kantonen Valais. Kommunen har 30 363 innbyggjarar (2010) og eit areal på 26 km². Kommunesenteret ligg 500 meter over havet.

Thumb
Utsyn mot Sion frå vinmarkane
Thumb
Notre Dame de Valère
Thumb
Sion på eit postkort på 1880-talet
Meir informasjon Plassering, Styresmakter ...
Remove ads

Historie

Arkeologiske utgravingar har vist at området har vore busett sidan steinalderen. Då det keltiske Wallis vart erobra av romarar i år 15 f.Kr. oppstod kolonien Sedunum. I 580 vart Sedunum sete for biskopen av Martigny, og frå 999 var biskopen også verdsleg herskar over området.

Demografi

Tradisjonelt har byen vore tospråkleg (fransk og tysk), over 50 % snakka tysk i 1870, I nyare tid har fransk språk i stor grad fortrengt tysk. Omkring 70 % av innbyggjarane snakkar i dag fransk, 5 % tysk og 5 % italiensk, resten snakkar utanlandske språk.

Attraksjonar

Museum

I Sion er det fleire museum, mellom andre eit naturhistorisk museum og eit arkeologisk museum. Musée de Valère stiller ut våpen, uniformer med meir.

Bygningar

Karakteristisk for Sion er eit mellomaldersk bybilete, omgitt av klippene Valère (621 m) med valfartskyrkja Notre-Dame de Valère (1200-1300-talet) og Tourbillon med ruinen av det tidlegare biskops-slottet frå det 13. hundreåret.

I gamlebyen ligg katedralen Notre-Dame-du-Glarier, bygd i det 15. hundreåret, med eit romansk tårn frå det 12. hundreåret.

Sørvest for katedralen ligg kyrkja St-Théodule. Bygginga tok til i 1516 i seingotisk stil, og varte i to hundreår. Lenger aust i byen ligg rådhuset, bygt mellom 1657 og 1665 i renessansestil.

Vindyrking

Sion har eit mildt klima, og er etter Satigny og Chamoson det viktigaste vinområdet i Sveits. Den største vindyrkarsamanslutninga i Sveits, 'Provins', har sitt hovedsete i Sion.

Transport

Sion ligg ved jarnbanelinja Lausanne-Brig og ved den ein gong viktige alpe-transittstrekninga Lausanne-Simplon-Domodossola. Byen har ein liten flyplass, som ligg eit stykke vest for byen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads