Slaget ved Siracusa i 1710
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Slaget ved Siracusa var eit sjøslag i den spanske arvefølgjekrigen utkjempa den 9. november 1710, utanfor Siracusa på Sicilia. Ein fransk flåte på fire skip kommandert av Jacques Cassard kom for å støtte ein tungt lasta fransk handelsflåte som hadde vorte blokkert i hamna i Siracusa av ein britisk flåte. Cassard kom utanfor Siracusa då det meste av blokadeflåten hadde drege av stad for å få nye forsyningar i Port Mahon. Han klarte dermed å ta «Falcon» og «Pembroke», dei to skipa som var att for å oppretthalde blokaden, og eskorterte så flåten til Marseilles.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads