Slaget ved Almansa

From Wikipedia, the free encyclopedia

Slaget ved Almansa
Remove ads

Slaget ved Almansa, utkjempa den 25. april 1707, var eit av dei mest avgjerande slaga i den spanske arvefølgjekrigen. I Almansa slo den franskspanske armeen under Berwick grundig den allierte styrken til Portugal, Storbritannia og Dei sameinte Nederlanda leia av Jarlen av Galway, og tok attende det meste av Aust-Spania for Bourbon.

Kjappe fakta Dato, Stad ...
Kjappe fakta

Slaget har vorte skildra som «truleg det einaste slaget i historia der dei britiske styrkane var kommandert av ein franskmann, og dei franske styrkane av ein brite»[2]

Remove ads

Slaget

Den fransk-spanske armeen på kring 25 000 mann bestod av like mange spanjolar og franskmenn, i tillegg eit irsk regiment. Mot dei stod ein styrke med hovudsakleg engelskmenn og portugisarar i lag med nederlendarar, tyskarar og franske hugenottar.

Slaget starta med artillerield frå begge sider. Då Galway nytta reservane sine for å angripe det fransk-spanske senteret, sette Berwick ut ein sterk styrke med fransk-spansk kavaleri mot den svekka engelsk-portugisiske linja, og utrydda dei portugisiske ryttarane. Ei generell nedslakting følgde, og berre det portugisiske infanteriet heldt stand, angripen frå tre sider, og forsøk på å trekkje seg attende. Dei overgav seg då mørkret senka seg. Galway mista 5 000 som omkom og 12 000 mann som vart teken til fange. Av armeen hans på 22 000 klarte berre 5 000 å kome seg unna til Tortosa.

Remove ads

Etterverknad

Sigeren var ei stort steg i å sikre Spania for Bourbon. Den største armeen til dei allierte var no øydelagd, og tronpretendenten Filip tok attende initiativet og tok Valencia.

Byen Xàtiva vart brend ned og endra namn til San Felipe for å straffe han (til minne om dette heng framleis portrett av monarken oppned i det lokale museet L'Almodí.[3])

Innan kort tid var dei einaste gjenverande allierte for den habsburgske tronpretendenten erkehertug Karl, støttespelarane hans i Catalonia og på Balearane.

Fredrik II av Preussen kalla Almansa «det mest vitskaplege slaget i hundreåret vårt», medan Winston Churchill ein gong samanlikna det knusande britiske nederlaget til katastrofar som venta den britiske armeen føre Nazi-Tyskland i starten av den andre verdskrigen.

Thumb
Detalj frå Batalla de Almansa av Ricardo Balaca (1862).
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads