Slaget ved Speyerbach

From Wikipedia, the free encyclopedia

Slaget ved Speyerbach
Remove ads

Slaget ved Speyerbach fann stad den 15. november 1703 i den spanske arvefølgjekrigen. Ein fransk arme omleira Landau og overraska og slo ein tysk støttearme nær Speyer.

Kjappe fakta Dato, Stad ...
Kjappe fakta
Remove ads

Opptakt

I midten av oktober 1703 førebudde dei allierte armeane seg til å slå vinterleir langs Moselle, då Tallard overraskande nærma seg Landau og starta ei omleiring den 17. oktober.

Den 28. oktober gav dei allierte kronrprinsen av Hessen-Kassel, den framtidige kong Fredrik I av Sverige, ordre om å flytte sørover for å heve omleiringa av Landau. Hessen-Kassel måtte samarbeide med greven av Nassau-Weilburg, som var på høgrebreidda av Rhinen med 24 bataljonar og 18 skvadronar. Begge armane møttest den 13. november nær Speyer og slo leir sør for elva Speyerbach, der Nassau-Weilburg og Hessen-Kassel venta på forsterkingar til å marsjere til Landau den 16. november.

Tallard hadde samstundes valt å ikkje vente på fienden ved Landau, men å marsjere mot dei og avlevere slaget. Han gav ordre til soldatane under Armand, marquis de Pracomtal ved Saarbrücken, om å møte han i Essingen.

Remove ads

Slaget

Dei tyske soldatane venta ikkje eit fransk åtak og leiren deira hadde ikkje sett opp eit forsvar. I tillegg var kommandoen, med både Hessen-Kassel og Nassau-Weilburg, i Speyer den 15. november, for å feire bursdagen til keisaren.

Kl. 07:00 marsjerte den samla franske armeen mot Speyer, og nådde fram 12:00 og sette seg opp i stilling fram til 13:00. Dei tyske soldatane, som var utan kommandantar, reagerte seint og i uorden. General Vehlen gjorde sitt beste på å setje armeen i stilling, men det var store hol på venstreflanken.

Tallard gav 14 skvardronar på høgreflanken sin ordre om å angripe. Dette åtaket klarte ikkje å øydelegge den allierte venstreflanken, men klarte å passere gjennom hola i linja deira. På dette tidspunktet kom Nassau-Weilburg fram til slagmarka og slo til med kavaleriet sitt. Dette førte til at det franske kavaleriet gjekk tapt. I staden for å utløyse soldatane sine og danne linja på ny, forfølgde Nassau-Weilburg franskmennene med det pfalzke kavaleriet i terreng som ikkje var høvande for hestar.

Kring 14:00 gjekk heile den franske armeen til åtak. På venstreflanken vart det franske kavaleriet slått av det allierte kavaleriet. Franskmennene mista 19 standarar og Pracontal mista livet. I midten heldt dei allierte stand, men på høgreflanken hadde franskmennene sukess. Heilt til høgre starta seks bataljonar å drive kavaleriet til Vehelen bakover. Dei mista samhaldet og flykta. Det franske infanteriet gjekk til åtak på det pfalzke infanteriet og desse flykta òg.

Franskmennene starta å omringe senteret til fienden. Dette førte til enorme tap for desse troppane. Dei gjenverande tyske soldatane trekte seg attende i god orden og slaget enda då dei byrja å krysse over Speyerbach kring 17:00. Franskmennene hindra dei ikkje å gjere dette.

Remove ads

Etterverknad

Tallard tok ein av dei største franske sigrane i krigen. Landau kapitulerte same dagen. Denne franske sigeren vart overskugga i historia av det kolossale tapet deira i slaget ved Blenheim ni månader seinare.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads