Slaget ved Cassano i 1705

From Wikipedia, the free encyclopedia

Slaget ved Cassano i 1705
Remove ads

Slaget ved Cassano, utkjempa den 16. august 1705, var ein hard kamp i den italienske krigsskodeplassen i den spanske arvefølgjekrigen. Begge sidene fekk påført store tap, men franskmennene stod att som sigerherrar.

Kjappe fakta Dato, Stad ...
Kjappe fakta
Remove ads

Slaget

I 1705 prøvde armeen til Vendôme og eit friskt korps frå Frankrike å knekke Victor Amadeus og hans nye austerrikske allierte og dei var så langt så suksessrike at hertugen trygla keisaren om å sende ein ny, frisk arme. Eugene kommanderte denne armeen, og stod opp mot ein styrke under bror til Vendôme, Philippe, kalla Grand Prior. Denne mannen, ein lat amatør, let seg sjølv overraske av det harde åtaket til Eugene på linja ved elva Adda. Då dagen gjekk mot slutten hadde austerrikarane vorte hindre i å krysse elva, på grunn av ukuelege motet til Vendôme.

Remove ads

Etterverknad

Eugene av Savoie vart skadd i slaget og forlet Italia for å verte frisk i Austerrike. Dessau vart òg skadd og den prøyssiske kontingenten hans vart sterkt redusert. Den austerrikske armeen måtte trekkje seg attende til Tirol for vinteren. Likevel hadde aktiviteten til Eugene i stor grad letta presset på Piemonte, og gjort at Torino heldt ut, og dermed halde den halvhjarta hertugen av Savoie tru til den nye alliansen hans. Franskmennene utsette underlegginga av Piemonte til året etter, etter ordre frå Ludvig XIV.

Derfor var det ikkje noko direkte resultat frå dette slaget. Trass i at det gjekk mange liv tapt er slaget nesten gått i gløymeboka. Totalt mista 4 000 mann livet, og minst 6 000 vart skade. Kor mange soldatar som drukna i elva er ukjend.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads