Space Man

song frå 2022 med Sam Ryder From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Space Man» er ein britisk popsong frå 2022 med Sam Ryder. Låten vart gjeven ut 10. mars 2022 og var det britiske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia. I Eurovision Song Contest vann «Space Man» juryavrøystinga og enda samanlagt på andreplass med 466 poeng. Songen passerte «Love Shine a Light» som det britiske bidraget med flest poeng i tevlinga. Det var også den beste Eurovision-plasseringa til Storbritannia på 24 år, sidan Imaani kom på andreplass med «Where Are You?» i 1998, og den fyrste pallplasseringa til Storbritannia sidan 2002, då Jessica Garlick kom på tredjeplass med «Come Back».[2][3] Etter finalen klatra «Space Man» til ein andreplass på den britiske singellista, den beste plasseringa til eit britisk Eurovision-bidrag sidan Gina G toppa lista i 1996 med «Ooh Aah… Just a Little Bit».[4]

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Om songen

Under koronapandemien gjorde Ryder suksess med coverversjonar av kjende popsongar på TikTok. I slutten av 2021 hadde han over 12 millionar følgjarar på TikTok, og var blant dei mest populære av britiske artistar på plattformen.[5]

Hausten 2021 sette kringkastaren BBC i gong arbeidet med å finne ein artist og song til å representere Storbritannia i Eurovision Song Contest 2022.[6] BBC inngjekk eit samarbeid med TaP Music, managementselskapet til Ryder. Saman fann dei fram til «Space Man», som Ryder hadde skrive saman med Max Wolfgang og den Grammy-vinnande låtskrivaren Amy Wadge.[7]

«Space Man» vart fyrste gong spela under frukostsendinga til BBC Radio 1 torsdag 10. mars 2022. Same dag vart songen sloppen for strøyming og digital nedlasting. Songen var det britiske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino. Som eit av dei fem store landa i Eurovision Song Contest, var Storbritannia direktekvalifisert til finalen laurdag 14. mai 2022.[8] Songen vann juryavrøystinga. Då poenga frå sjåaravrøystinga vart lagde til, enda Ryder og «Space Man» på andreplass med 466 poeng. Dette var den beste plasseringa til Storbritannia på 24 år, sidan Imaani vart nummer to med songen «Where Are You?» i 1998.[9][10][11]

Det gode resultatet skapa også stor glede i Storbritannia, som hadde gjort det svært svakt i Eurovision Song Contest dei siste 20 åra.[12][13] Ryder vart erklært som folkehelt, og han vart plukka ut til å opptre under platinajubiléet til dronning Elizabeth.[14][15][16][17] Songen nådde også ein andreplass på den britiske singellista, den beste noteringa for eit britisk Eurovision-bidrag på 27 år.[4]

Remove ads

Listeplasseringar

Meir informasjon Liste (2022), Høgaste plassering ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads