The Book of Souls

album av Iron Maiden From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

The Book of Souls er det sekstande studioalbumet til det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden. Det kom ut 4. september 2015. Det er det første dobbeltalbumet til bandet, om ein ser bort frå konsertalbum, med ei lengd på 92 minutt. Lanseringa og turneen etter albumet vart forseinka då vokalisten Bruce Dickinson måtte fjerne ein kreftsvulst tidleg i 2015.

Meir informasjon Iron Maiden-kronologi, Singlar frå ...

Albumet var produsert av Kevin Shirley, som lenge hadde samarbeidd med bandet, og vart spelt inn i Guillaume Tell Studios i Paris frå september til desember 2014. Dei hadde tidlegare nytta studioet under innspelinga av Brave New World i 2000. Bandet skreiv og spelte samstundes inn mange songar i studioet, noko som skapte ei spontan live-kjensle. Den første utgjevinga frå albumet, «Speed of Light», vart gjeven ut som ein musikkvideo den 14. august, og samstundes som digital nedlasting og CD-singel, som berre kunne kjøpast hos Best Buy. I tillegg til at det er det lengste albumet til bandet, inneheldt det den lengste songen deira, «Empire of the Clouds», som er 18 minuttar lang. Denne vart òg gjeven ut på singel for Record Store Day den 16. april 2016. Albumet er ikkje eit konseptalbum, men her finst mange referansar til sjela og dødelegheit, noko ein ser att i det maya-inspirerte plateomslaget, som vart laga av Mark Wilkinson.

The Book of Souls fekk gode meldingar og selde godt, og toppa albumlistene i 24 land. Albumet vart det femte albumet deira som nådde toppen av albumlista i Storbritannia, og det på andre rad. I USA nådde det like høgt som det førre albumet, The Final Frontier frå 2010, med ein fjerdeplass på Billboard 200. Albumet markerte òg slutten på den lengste pausen mellom to studioutgjevingar i karrieren til bandet, då det kom ut fem år etter The Final Frontier.

Remove ads

Bakgrunn

Det vart kjend at bandet skulle spele inn det sekstande studioalbumet sitt då vokalisten Bruce Dickinson avslørte dette i september 2013.[1] Albumet vart spelt inn i Guillaume Tell Studios i Paris med produsenten Kevin Shirley frå september til desember 2014,[2] og den siste finpussen vart gjort tidleg i 2015.[3] Dei hadde tidlegare nytta studioet under innspelinga av Brave New World i 2000, og Dickinson sa at «studioet er spesielt for alle saman av oss. Me var så nøgde då me oppdaga at det framleis hadde den same magiske stemninga.»[4] Bandet hadde opphavleg tenkt seg i studio tidlegare i 2014, men det vart utsett til 4. september då Dickinson fekk behandling for ein kreftsvulst.[5]

Tittelen på albumet, plateomslaget og ei liste over songar vart avdekt den 18. juni 2015.[5] Albumet kom ut på Parlophone og vart det første originale studioalbumet til bandet som ikkje kom ut på EMI, etter at begge selskapa vart kjøpte opp av Warner Music Group i 2013.[6] I USA vart albumet gjeve ut av Sanctuary Copyrights/BMG,[7] etter at BMG kjøpte Sanctuary Records i 2013.[8] Den 14. august gav bandet ut ein musikkvideo for songen «Speed of Light»,[9] regissert av Llexi Leon.[10] I tillegg vart songen samstundes tilgjengeleg for nedlasting[11] og kunne kjøpast på CD-singel via Best Buy i USA.[12]

Plateomslaget nyttar den originale Iron Maiden-logoen, som ikkje var blitt nytta på eit studioalbum sidan The X Factor i 1995.[13] Omslaget vart skapt av Mark Wilkinson,[3] som tidlegare hadde arbeidd med Iron Maiden på Live at Donington (1998-versjonen) og Best of the 'B' Sides (samling frå 2002), i tillegg til singlane «The Wicker Man» og «Out of the Silent Planet».[14] I følgje bassisten Steve Harris har omslaget band til tittelsporet, sidan avbildinga av maskoten til bandet, Eddie, er basert på maya-sivilisasjonen, som «trur at sjela lever vidare etter døden».[15] For å sjekke at biletet vart rett, leigde bandet inn maya-forskaren Simon Martin, som òg omsette songtitlane til maya-hieroglyfar.[16] I følgje Martin hadde ikkje sivilisasjonen ei Sjelebok (Book of Souls), men «mayaene var veldig opptekne av sjela, så som ein tittel er det særs passande for mayakulturen, men det er òg mykje Iron Maiden si eiga greie».[16] Sjølv om det ikkje er eit konseptalbum, er det mange referansar til sjela gjennom heile plata,[15] i tillegg til funderingar kring dødelegheita generelt. Harris sa «når du vert eldre byrja du å stenkje på din eigen dødelegheit og slike ting meir enn før».[17]

Turneen for albumet vart utsett til tidleg i 2016 slik at Dickinson kunne bli heilt frisk att etter kreftbehandlinga si.[18] The Book of Souls-turneen byrja i februar, og bandet spelte i 35 land i Nord- og Sør-Amerika, Asia, Australasia, Afrika og Europa.[19]

Remove ads

Låtskriving og innspeling

Thumb
Albumet inneheld to songar som berre er skrivne av vokalisten Bruce Dickinson.

Harris sa at mange av songane vart skrivne og raskt spelte inn i studioet, og dette gav plata ei «live-kjensle».[4] Gitaristen Janick Gers forklarte at dei ikkje gjorde slik som vanleg, med å bruke fleire veker på å skrive songar og øve før dei gjekk i studio. Denne gongen hadde dei berre skisser av songar som dei skreiv ferdige i studio.[20] I følgje gitaristen Adrian Smith skapte dette eit positivt press.[20] Gers sa at kvart medlem hadde med seg kring ein time med original musikk til innspelinga, men at dei berre kanskje brukte kring 15 minuttar kvar av dette,[2] og resultatet vart «eit verkeleg breitt spekter av musikalske idear».[20] Som med alle studiosamarbeida deira med Shirley, vart det meste av albumet spelt inn live, og dei brukte ofte det første opptaket for å få ei spontankjensle.[20]

«Shadows of the Valley», «Death or Glory», «Speed of Light» og «If Eternity Should Fail» var dei førte songane skrivne for albumet.[21][22] Smith sa at «Speed of Light» og «Death or Glory» var dei to einaste songane som var ferdige før innspelinga starta, og var første gongen Smith og Dickinson samarbeidde på ein song (utan Harris) etter at begge kom attende til Iron Maiden i 1999.[23] Med begge songane prøvde Smith og Dickinson å skrive kortare songar som sende tankane attende til dei tidlegare songane «2 Minutes to Midnight» (1984) og «Can I Play with Madness» (1988).[23] I følgje Dickinson handlar «Death or Glory» om tredekkarfly frå fyrste verdskrigen.[17]

I motsetnad til dei to førre albuma deira, A Matter of Life and Death frå 2006 og The Final Frontier frå 2010, er ikkje Harris med som låtskrivar på alle songane.[17] Resultatet vart eit større samarbeid der alle medlemmane, utanom trommeslagaren Nicko McBrain vart oppførte som låtskrivar.[17] Ein av Harris sine songar, «Tears of a Clown», som han skreiv saman med Smith, er basert på depresjonen og sjølvmordet til komikaren Robin Williams i 2014.[24]

Den siste songen på plata, «Empire of the Clouds», tok over for «Rime of the Ancient Mariner» (frå Powerslave i 1984), som den lengste songen til bandet med ei lengd på 18 minuttar.[3] Dette var første songen Dickinson spelar piano på og er basert på luftskip-styrten til R101 i 1930.[21] I følgje Smith sat Dickinson det meste av innspelinga av albumet aleine i eit «lydsikkert glasbur med pianoet sitt» og skreiv songen,[20] som han gjorde ferdig med hjelp frå McBrain.[21] Smith sa at det var utfordrande å spele inn songen sidan Dickinson hadde spelt inn pianoet på eiga hand og resten av bandet så måtte spele i lag med dette, medan Dickinson og Shirley instruerte.[20][23] For Record Store Day 2016 vart «Empire of the Clouds» gjeve ut som singel den 16. april.[25] I lag med opningssongen «If Eternity Should Fail» er dette det første Iron Maiden-albumet sidan Powerslave som inneheld to songar som er skrivne av Dickinson aleine.[26]

Med ei lengd på 92 minuttar er dette både det lengste studioalbumet til Iron Maiden, og det første som vart gjeve ut som eit dobbeltalbum.[5] Dickinson sa at «me var alle samde om at kvar song var ein så viktig del av heilskapen at me var nøydde til å lage eit dobbeltalbum».[4]

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Samla karakter ...

Albumet fekk generelt god kritkk då det kom ut og har ein score på 80 av 100 basert på 20 meldingar på nettsida Metacritic.[27] Albumet fekk 9/10 hos Classic Rock, som skreiv at «det er vanskeleg å tenkj seg eit anna band så gamamlt, som klarar å lage noko som høyrest så vitalt og inspirerande ut.»[30] Kerrang! og Metal Hammer gav det full score og skreiv «eit album med uvanleg visjon»,[32] og «ei enorm kjenslemessig reise gjennom somme av dei beste framføringane deira gjennom karrieren, og det gjer den fem år lange ventetida verdt det.»[33] Blabbermouth.net var òg særs positive, og gav albumet 9,5/10 og kalla det «Iron Maidens mest storstilte og sjølvsikre verk sidan Brave New World og utan tvil eit av dei beste albuma deira totalt sett.»[38] PopMatters gav albumet ni av ti stjerner og hylla bandet for at dei igjen var «sitt beste, noko dei ikkje har vore sidan 1988.»[39] AllMusic gav albumet fire av fem stjerner og skreiv «Etter fleire gjennomlyttingar gjer det seg fortent til å plasserast på hylla ved sidan av dei beste platene deira.»[28] The Guardian gav det òg 4 av fem, men kritiserte «den klossete 'Shadows of the Valley'», og skriv at «The Book of Souls er markert av ein imponerande råheit som står seg ved sidan av dei meir svulstige augneblikka på albumet.»[31]

Rolling Stone og Billboard var emir kritiske og gav albumet 3,5 av fem stjerner, der sistnemndee skreiv at det var «for langt», men «likevel overraskande engasjerande».[29][36]

Den 18 minuttar lange avslutningssongen «Empire of the Clouds» vart særleg hylla, og PopMatters kalla det eit «meisterverk» og «like trollbindande som 'Rime of the Ancient Mariner' frå 1984»,[39] medan AllMusic skildra det som «ein heavy metal-suite, ulikt alt anna dei har laga».[28] Medan Blabbermouth.net og NME ikkje var samde i at han var like bra som «Rime of the Ancient Mariner», meinte Blabbermouth at han var «verdt kvart enkelt minutt som ei filmaktig innkapsling av karrieren deira»,[38] medan NME kalla det «the pièce-de-résistance».[34]

The Book of Souls vart kåra til årets album for 2015 under Classic Rock Roll of Honour Awards[40] og vann prisen for årets beste internasjonale album i 2016 under Bandit Rock Awards.[41][42] I tillegg vart det lista blant dei besste albuma for året i somme publikasjonar:

Meir informasjon Publikasjon, Liste ...

Sal og lsiter

Albumet vart ein salssuksess og nådde toppen av albumlistene i 24 land, i tillegg til 19 andre land som ikkje lenger publiserer salslister.[50][51] Det vart det femte albumet deira som nådde toppen av albumlista i heimlandet med over 60 000 selde eksemplar.[52] I USA nådde albumet fjerdeplassen på den amerikanske albumlista, og i lag med det førre albumet, The Final Frontier, den høgaste plasseringa dei klarte der.[53][54] Fram til januar 2016 hadde The Book of Souls seld meir enn 148 000 eksemplar i USA.[55]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Henta frå plateomslaget.[56]

Iron Maiden
Teknisk personell
  • Kevin Shirley – produsent, miksing
  • Denis Caribaux lydteknikar
  • Michael Kenney – klaverinstrument
  • Jeff Bova – orkestrering
  • Ade Emsley mastering
  • Chris Bellman – ytterlegare vinyl-mastering
  • Stuart Crouch – kunstnarisk leiar, design
  • Mark Wilkinson – illustrasjon
  • Anthony Dry – plate-illustrasjonar
  • Julie Wilkinson – Maya-teikningar
  • Simon Martin – Maya-hieroglyfar
  • Jorge Letona – Maya font-design
  • John McMurtrie fotografi
  • Rod Smallwood management
  • Andy Taylor – management
  • Dave Shack – management
Remove ads

Lister

Meir informasjon Liste (2015), Plassering ...
Remove ads

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads