Spinning Wheel
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Spinning Wheel» er ein song frå 1968 av det amerikanske bandet Blood, Sweat & Tears. Songen vart skriven av den kanadiske songaren deira, David Clayton-Thomas, og kom ut på albumet Blood, Sweat & Tears.
Songen vart gjeven ut på singel i 1969 og nådde andreplassen på den amerikanske Billboard Hot 100 i juli det året, der han låg i tre veker.[1] «Spinning Wheel» vart halde borte frå toppen av lista av både «The Love Theme from Romeo and Juliet» av Henry Mancini og «In the Year 2525» av Zager and Evans.[2] I august det året toppa songen Billboard Easy Listening-lista i to veker.[3] Songen nådde òg 45. plassen på US R&B-lista.
«Spinning Wheel» vart nominert til tre Grammyprisar i 1970, og vann kategorien beste instrumentale arrangement. Arrangøren for songen var saksofonisten Fred Lipsius. Songen vart òg nominert til årets singel og årets song. Albumet vann prisen for årets album.
Songen endar med den austerrikske melodien «O Du Lieber Augustin» («Jo mere vi er sammen» eller «Did You Ever See a Lassie?») frå 1815.[4] Heilt til slutt kan ein høyre trommeslagaren Bobby Colomby sei: «That wasn't too good», etterfølgd av latter frå resten av gruppa.
Remove ads
Salslister
Remove ads
Andre versjonar og samplingar
- Peggy Lee si utgåve frå 1969 gjekk inn på Easy Listening-lista, der han nådde 24. plassen. Dette skjedde sjølv før BS&T-versjonen gjekk inn på same lista.[15]
 - Benny Goodman gav ut ein instrumentalversjon av songen på eit Reader's Digest-album i 1973.[16][17]
 - Sammy Davis jr. spelte inn songen i 1970 på albumet Something for Everyone[18]
 - Shirley Bassey spelte inn songen i 1970 på albumet hennar Something.
 - Nancy Wilson spelte songen i Hawaii Five-O-episoden «Trouble in Mind», som opphavleg vart sendt 23. september 1970.
 - I 1970 gav Marianne Mendt ut ein versjon av songen i Austerrike på tysk, kalla «A g'scheckert's Hutschpferd»
 - Barbara Eden framførte songen på amerikansk fjernsyn i 1970.[19]
 - Jazzorganisten Dr. Lonnie Smith spelte inn ein lengre instrumentalversjon av songen i 1970 for albumet Drives.
 - Den amerikanske organisten Lenny Dee spelte «Spinning Wheel» på eit album med same namn i 1970.[20]
 - James Brown spelte inn ein mindre hit i 1971 med ein instrumentalversjon av songen, nådde 90. plassen på Billboard Hot 100.[21][22]
 - Den kanadiske acappella-gruppa Cadence song denne songen.
 - I 1970 spelte P.P. Arnold inn ein versjon produsert av Barry Gibb. Denne kom først ut i 2017 på albumet The Turning Tide.
 - Maynard Ferguson gav ut eit storbandarrangement av songen i 1972 på albumet hans «M.F. Horn Two».
 - «Spinning Wheel» vart sampla på «War Photographer» av Jason Forrest,[23] «Sons of Third Bass» av Third Bass, «Big Willie» av Run DMC og «Zatsunen Entertainment» av den japanske rapgruppa Rip Slyme.
 - Milli Vanilli-songen «All or Nothing», som kom på singel i 1990, har ein liknande melodi som «Spinning Wheel», og vart seinare eit tema i eit søksmål frå David Clayton-Thomas.[24]
 
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads