Stage Fright

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Stage Fright er det tredje studioalbum av den kanadisk-amerikanske gruppa The Band, gjeve ut i 1970. Det inneheld to av dei mest kjende songane deira, «The Shape I'm In» og «Stage Fright», som vart spelt fast på konsertane deira.

Meir informasjon The Band-kronologi, Singlar frå ...

Stage Fright var ei motseiande plate, som kombinerte oppløftande musikk og desillusjonerte tekstar, og utforska tema som fred, flukt og lettsindigheit som avslørte mørkare sider av melankoli, angst og utmatting.[1] Forfattaren Ross Johnson skildra det som «ei munter plate som utilsikta vart vedkjennande... ei lystig boltring gjennom ein ein ubehageleg periode i historia til gruppa.»[2] Som følgje av dette fekk det noko blanda kritikk samanlikna med dei kritikarroste føregangarane deira, hovudsakleg på grunn av korleis det skilde seg frå desse platene, og kanskje ikkje levde opp til forventningane.[3][4][5][6] Generelt var kritikarane samde i at musikken var solid. Dei hylla aspekt som den varierte teksturen Garth Hudson bidrog med, den skarpe gitaren til Robbie Robertson og funken til rytmeseksjonen DankoLevon Helm, men dei var usamde i den plagsame tonen og den totale samanhengen på plata. I seinare år har kritikarar vore mildar i synet på plata og ofte rekna det på høgde med dei første to[7] og synte at dei framleis var i toppform.[8]

Det var mykje meir eit rockealbum enn dei to første platene og hadde eit meir nedslått, moderne fokus med mindre vokalharmoni, som hadde vore eit midtpunkt på dei to første albuma. Tradisjonen dei hadde hatt med å byte instrument heldt derimot fram, der kvar musikar bidrog på minst to forskjellige instrument. Albumet inneheld dei to siste songane komponerte av pianisten Richard Manuel, begge skrivne i lag med Robertson, som kom til å bli den meir dominerande låtskrivaren i gruppa fram til dei gav seg i 1976.

Stage Fright nådde femteplassen på Billboard-lista i USA, høgare enn dei to første albuma. Det var eit av tre album av The Band som selde til gullplate i USA (for meir enn 500 000 eksemplar).[9]

Remove ads

Produksjon

Todd Rundgren var lydteknikar på Stage Fright og plata vart produsert av gruppa sjølv for første gongen. Plateomslaget syner ein delvis abstrakt solnedgang designa av Bob Cato, pakka inn i ein plakat av eit fotografi av Norman Seeff.[10]

Robertson ønskte i utgangspunktet å gjere ei mindre seriøs «leiken» eller «ha-det-bra»-plate i motsetnad til The Band.[1] Planen deira var å spele inn albumet live i heimen deira i Woodstock i New York, Woodstock Playhouse. Til slutt gav ikkje byrådet løyve til dette, i frykt for store folkemassar skulle samle seg der slik dei hadde gjort under Woodstockfestivalen og bandet brukte teateret som eit provisorisk studio i staden. Livlege, streite rockesongar som «Strawberry Wine», «Time to Kill» og «Just Another Whistle Stop», den meir funky «The W.S. Walcott Medicine Show», og den meir dominerande gitaren til Robertson indikerte alle ei plate som var i tråd med ei opphavlege planane til Robertson. Men Robertson fann at songane gradvis tok ein mørkare veg: «dette albumet Stage Fright byrja å drype gjennom golvet. Eg oppdaga at eg skreiv songar som eg ikkje kunne noko for å skrive.»[1] «The Shape I'm In» og «Stage Fright» var gripen av oppløysing og panikk, medan «The Rumor» og «Daniel and the Sacred Harp» omhandla vondskapen i sladder og tapet av sjela si i leitinga etter heider og ære.[8] Den drøymande «Sleeping» av Manuel gjekk på ei ukomfortabel linje mellom lykke og ein for verkeleg lengsel etter flukt.[1] «All La Glory» av Robertson stod aleine som ein reint positiv song som ein fin voggesong, løfta av ein mild og kjenslefull vokal av Helm.[1] Men sjølv der brukte Robertson bilete om einsemd og refererte til å kjenne seg «like høg som ein fengselsmur».[11]

I eit intervju i 2010 skildra Robertson atmosfæren under innspelinga som spent, der gruppa sleit med dei vanskelege lydtilhøva i teateret, at dei var uvande å arbeide med Rundgren, og «distraksjonar og mykje eksperimentering med dop.»[12] I This Wheel's On Fire sa Helm noko liknande og skildra ei «mørk stemning som slo ned over oss» under desse innspelingane.[13] Helm meinte òg at plata kunne ha blitt betre om dei hadde brukt meir tid, og sa «for første gongen hadde ikkje med spelt det inn etter standarden vår. Dagane då me kunne leve med musikken var over.»[13]

Det vart laga to forskjellige miksar, ein av Rundgren og ein av Glyn Johns, begge i Storbritannia. Somme rapportar har indikert at Johns-miksen vart vald ut for den originale LP-plata og alle seinare utgåver på Capitol (inkludert den ommastra utgåva i 2000), medan miksen til Rundgren til slutt kom ut på gull-CD-utgåva i 1994.[14] Men det er mykje usemje kring dette. Rundgren sa i eit intervju i magasinet Relix at det vart laga ein tredje versjon av bandet i statane, som brukte spor frå dei originale miksane. Til sjuande og sist trudde han at ingen verkeleg visste kva miksar som vart vald ut for originalen.[15] I memoarane sine Sound Man ser Johns ut til å stadfeste det Rundgren sa, og at ingen truleg veit sikkert kva miksar som vart nytta.[16]

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Då albumet kom ut fekk det generelt god kritikk. Men fleire peikte på skilnader frå dei to første albuma. Tema som angst og sårbarheit, færre karakterskisser av americana, mindre kjensle av sameining og at det mangla noko flyktig. Rolling Stone-kritikaren John Burks skreiv om «presisjonsgruppearbeidet», men kjende at tekstane ikkje høyrte heilt saman med musikken og vokalen. Han skreiv at albumet mangla «ære.»[3] Kritikaren Robert Christgau meinte at dei «lyse og persistente» melodiane slo teksten. Han konkluderte «Minneverdige som dei fleste av desse songane er, hektar dei seg aldri på - og gjev aldri opp den musikalsk-verbale fraseringa som kan innkapsle krafta deira.»[5] Ed Ochs i Billboard skildra det som «oppriktig og vedkjennande, genuint komisk og lett satirisk,» men merka seg eit «forhold mellom musikk og melding som merkbart manglar.»[25]

Seinare meldingar har stilt spørsmål ved om noko av kritikken i 1970-åra var farga av ei opplevd nedgang i utgjevinga deira etter Stage Fright. I magasinet Q roste skribenten John Bauldie den vokale samspelet på «The Rumor» og «Daniel and the Sacred Harp», balladane «All La Glory» og «Sleeping», og «The Shape I'm In» som eit høgdepunkt i karrieren deira. Han meinte at Stage Fright «like gjerne kunne ha vore det beste albumet deira.»[7] Allmusic-kritkaren William Ruhlmann applauderte dei tette arrangementa og det instrumentale arbeidet på albumet, og skreiv om den «nakne vedkjennande» kvaliteten og skreiv «Det var sannleg forskjellig frå dei førre platene deira, men det var ikkje mindre overtydande av den grunn.»[8]

Remove ads

Innhald

Side ein

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Side to

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

The Band

Andre medverkande

Remove ads

Salslister

AlbumBillboard (USA)

Meir informasjon År, Liste ...

SinglarBillboard (USA)

Meir informasjon År, Singel ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads