Stanghelle

From Wikipedia, the free encyclopedia

Stanghelle
Remove ads

Stanghelle er ein tettstad i Vaksdal kommune i Vestland. Staden ligg ved Veafjorden og Dalevågen og er omringa av høge fjell. E16 og Bergensbanen/Vossabanen går gjennom staden.

Thumb
Stanghelle sett frå Rispingen på Osterøy.
Kjappe fakta Land, Fylke ...

Det bur om lag 800 menneske på Stanghelle, fordelt på det som vert kalla Stanghelle Aust og Stanghelle Vest, som er delt av Dalevågen, men forbunde med Vågen bru. På Stanghelle ligg mellom anna Coop marked, Stanghelle barnehage og Stanghelle skule for 1. til 7. klasse.[1]

Småstadane Fossmark i sør, Helle i nord og Hesjedalen i vest på Osterøya vert ofte rekna å høyra til Stanghelle. Dei næraste større tettstadane til Stanghelle er Dale sju km mot nord, og Vaksdal som ligg 10 km mot sør.

Kjende stanghellingar er Trond Egil Soltvedt, tidlegare Premier League-proff, og Harald Stanghelle, tidlegare Dagbladet-redaktør, no redaktør for Aftenposten.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads