Who Can I Be Now? (1974–1976)
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Who Can I Be Now? (1974–1976) er ein plateboks av den engelske musikaren David Bowie. Han vart utgjeven 23. september 2016, og fokuserer på den «amerikanske fasen» til artisten.[12][13][14] Det var ein oppfølgjar til plateboksen Five Years (1969–1973) frå 2015, og dekkjer perioden i karrieren til Bowie frå 1974 til 1976 over tolv CD-plater eller tretten LP-plater. Ei eksklusiv plate for boksen, The Gouster, er ein variant av albumet som seinare vart Young Americans og denne har ikkje vore gjeven ut før. Ei anna eksklusiv plate er Re:Call 2, ei ny samleplater med singlar, singelversjonar og B-sider som er oppfølgjaren til Re:Call 1 frå Five Years.
Plateboksen inneheld ommastra utgåver av studioalbuma Diamond Dogs, Young Americans og Station to Station, sistnemnde med både den originale miksen og den nye miksen frå 2010. Den nye miksen av Station to Station, av medprodusenten Harry Maslin, kom først ut i 2010 i ei luksusutgåve av albumet. Boksen inneheld òg David Live (både originalen og miksen frå 2005) og Live Nassau Coliseum '76, eit konsertopptak frå 23. mars 1976 i Nassau Coliseum under Isolar-turneen. Denne var tidlegare ein del av 2010-utgåva av Station to Station.
Samlinga kom med ei bok som inkluderte fotografi frå Eric Stephen Jacobs, Tom Kelley, korsongaren Geoffrey MacCormack, Terry O'Neill, Steve Schapiro og fleire, i tillegg til notat av dei nære samarbeidspartnarane til Bowie, Tony Visconti og Harry Maslin og eit handskrive notat frå Bowie om The Gouster.[15]
Remove ads
Innhald
Alle songane på kvart album er skrivne av David Bowie, utanom der andre er nemnde.
Diamond Dogs (2016-master)
David Live (original miks) (2016-master)
David Live (miks frå 2005) (2016-master)
- På CD-versjonen av albumet er alle spora i same rekkjefølgje som på dei to platene: plate 1 endar med «Watch That Man», plate 2 byrjar med «Knock on Wood».
The Gouster (ommastra spor)
Young Americans (2016-master)
Station to Station (2016-master)
Station to Station (2010 Harry Maslin-miks)
Live Nassau Coliseum '76 (2010-master)
Re:Call 2 (ommastra spor)
Remove ads
Salslister
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads