Stef Caers
belgisk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Stef Caers (fødd 5. juli 1980 i Leuven[1]) er ein flamskspråkleg belgisk songar og musikkprodusent. Han opptrer som regel under pseudonyma Gustaph og Steffen.[2] Han representerte Belgia i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia med låten «Because of You».[3]
Remove ads
Bakgrunn
Caers studerte ved musikkonservatoriet i Gent.[4] Som nittenåring fekk han i 2000 ein hit med låten «Gonna Lose You». Han opptredde då som «Steffen», og låten nådde ein 22. plass på den flamske hitlista Ultratop 50.[5] Låten fekk også debutantprisen under musikkprisutdelinga Radio 2 Zomerhit same år.[6] Oppfølgjarsingelen «Sweetest Thing» fekk beskjeden suksess, og songen nådde aldri den flamske hitlista. Caers sa sidan at hans fyrste låtar blei skrivne som tenåring, og ikkje reflekterte den nye stilen hans. Han skifta difor etter kvart artistnamn frå «Steffen» til «Gustaph», og han fokuserte meir på låtskriving og studioarbeid.[4] Blant anna skreiv han kjenningsmelodiar for radiokanalane Radio Donna og Qmusic.
Likevel heldt han fast ved ein viss sceneaktivitet, blant anna som pianist og støttevokalist for artistar som Truus Druyts, soulgruppa Moiano og hiphoparen Krewcial.[7] Han var også støttevokalist på innspelingar til artistar som Lady Linn, Mama's Jasje, Willy Sommers og fleire Studio 100-album.[7] Han har også deltatt på flere hyllings-forestillinger for artistar som Marvin Gaye og Ella Fitzgerald.[8]
Eurovision Song Contest

Caers har delteke som støttevokalist i Eurovision Song Contest to gongar: i 2018 for Sennek med låten «A Matter of Time», og i 2021 for Hooverphonic og låten «The Wrong Place». Han stod bak scena på begge framsyningane og var ikkje synleg under sendingane.[9]
I januar 2023 deltok Caers med artistnamnet Gustaph i Eurosong 2023, den belgiske uttakinga til Eurovision Song Contest. Han deltok med songen «Because of You», og vann tevlinga med berre eit poeng framfor duoen The Starlings.[3][10] Gjennom sigeren blei han den belgiske representanten i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool. Der enda han på sjuande plass, den nest beste plasseringa til Flandern i tevlinga.[11][12]
Remove ads
Anna
Caers er også dosent ved høgskulen i Gent, i kurset jazz og pop i linja for pop- og rockemusikk.[13][14]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads