Sylvia Kibet

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sylvia Kibet
Remove ads

Sylvia Jebiwott Kibet (fødd 28. mars 1984) er ein tidlegare langdistanseløpar frå Kenya. Ho vann i 2009 VM-sølv på 5 000 meter, ein prestasjon ho gjentok to år seinare.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Kibet enda på fjerdeplassen på 5 000-meteren under VM 2007 i Osaka, slått med fattige 0,05 sekund av landskvinna Priscah Cherono, og på ny under dei olympiske leikane i Bei Jing året etter. Også då ho i Bislett Games 2009 sette personbeste på halvmila med 14.37,7 vart Kibet nummer fire. Under verdsmeisterskapen i Berlin to månader seinare sprang ho inn til sølv på spesialdistansen, slått av landskvinna Vivian Cheruiyot. 23. mai 2010 forbetra Kibet i Shanghai den personlege rekorden til 14,31,9, enno ein gong kom ho på fjerdeplass. På 5 000 meter under VM 2011 vart det dacapo på forrige VM; Cheruiyot tok gull og Kibet sølv.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Referansar

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads