The Bootleg Series Volumes 1–3 (Rare & Unreleased) 1961–1991
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
The Bootleg Series Volumes 1–3 (Rare & Unreleased) 1961–1991 er ein plateboks av Bob Dylan. Boksen kom ut i 1991 og inneheld berre songar som tidlegare ikkje var gjevne ut, men som hadde dukka opp på mange piratopptak. Samlinga dekka dei første tre tiåra av karrieren hans frå 1961 til 1989. Albumet selde til gull i USA i 1997 og nådde 49. plassen på Billboard 200 og 32. plassen i Storbritannia..[5]
Remove ads
Bakgrunn
Dylan var blitt mykje piratkopiert gjennom karrieren. Den første piratkopiplata i rockehistoria, Great White Wonder, inneheldt opptak frå forskjellige kjelder.[6] Då Dylan nærma seg 30 år i plateindustrien, valde Columbia Records å gje desse songane frå piratkopiplatene ut offisielt.
Innhald
The Bootleg Series Vols. 1-3 inneheld sjeldne opptak og songar som ikkje var gjevne ut før frå og med innspelinga til debuplata Bob Dylan i 1962 til Oh Mercy i 1989. I alt var det 58 spor, der 45 er unytta studioopptak frå innspelingane til studioplatene hans. Av dei 13 andre er eit opptak frå innspelinga av singelen «George Jackson» i 1971, to er frå The Basement Tape-innspelinga i 1967, fem er konsertopptak og fem er demoinnspelingar. Tre av desse demoane kom sidan ut på Volume 9 i Bootleg-serien.
Materialet er fordelt på tre CD-plater, fem vinylplater eller tre kassettar. I forhold til CD- og kassettugåva har kvar disk eller kassett status som ein eigen del.
Ei nymastra utgåva av plata kom ut 19. august 1997 på Legacy Recordings.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Bob Dylan, bortsett frå der andre er nemnde
Remove ads
Bakgrunnsstoff
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads