Breakfast in America

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Breakfast in America er det sjette studioalbumet til det engelske rockebandet Supertramp, gjeve ut av A&M Records den 29. mars 1979. Det vart spelt inn i 1978 i The Village Recorder i Los Angeles. Albumet inneheldt singlar som vart hittar i USA: «The Logical Song» (6. plass), «Goodbye Stranger» (15. plass), «Take the Long Way Home» (10. plass) og «Breakfast in America» (62. plass). I Storbritannia vart «The Logical Song» og tittelsporet topp 10-hittar, dei einaste to gruppa fekk i heimlandet.[5]

Meir informasjon Supertramp-kronologi, Singlar frå ...

I 1980 vann Breakfast in America to Grammyprisar, inkludert for beste lydteknikar, og Grammy-nominasjonar for årets album og beste popsong av ein duo eller ei gruppe med vokal. Albumet har selt til 4x platinaplate i USA og var det bestseljande albumet til Supertramp med meir enn fire millionar selte eksemplar i USA aleine. Det gjekk heilt til topps på Billboard Pop Albums-lista for seks veker, fram til 30. juni 1979.[6] Albumet gjekk òg til topps i Noreg, Austerrike, Spania, Canada, Australia og Frankrike.

Remove ads

Bakgrunn

Som med Even in the Quietest Moments..., skreiv Rick Davies og Roger Hodgson dei fleste av songane kvar for seg, men vart begge oppførte som låtskrivarar på alle songane. Det originale konseptet deira var eit album med songar om forholdet og dei motstridande ideala mellom Davies og Hodgson. Tittelen skulle opphavlege vere Hello Stranger. Hodgson forklarte: «Me forstod at somme av songane faktisk handla om to folk som snakka i lag eller til kvarandre. Eg kunne skrive ned tankemåten hans, og han kunne utfordre livssynet mitt. Levemåtane våre er så forskjellige, men eg er glad i han. Den kontrasten er det som får verda til å gå rundt og det som får Supertramp til å gå rundt. Trua hans er ei utfordring for meg og trua mi er ei utfordring for han.»[7]

Ideen vart etter kvart skrinlagt til fordel for eit album med «morosame» songar, og sjølv om Davies i starten ønskte å halde på tittelen Hello Stranger, vart han overtydd av Hodgson om å endre tittelen til Breakfast in America. Hodgson sa seinare: «Me valde tittelen fordi det var ein morosam tittel. Det passa den morosame kjensla på albumet.»[7] På grunn av tittelen og den eksplisitte satiren over amerikansk kultur i omslaget og tre av songane («Gone Hollywood», «Breakfast in America» og «Child of Vision»), tolka mange lyttarar albumet som ein satire over USA. Medlemmane i Supertramp har alle insistert på at dei fleire referansane til amerikansk kultur berre var tilfeldig og ikkje meint som ein tematisk satire.[7] Hodgson har skildra mistolkinga som ein parallell til korleis Crime of the Century (1974) ofte vart mistolka som eit konseptalbum.[7]

«Gone Hollywood» er opningssporet på Breakfast in America. Songen er skriven av Rick Davies og fortel soga om ein person som flyttar til Los Angeles med håp om bli ei filmstjerne, men finn ut at det var mykje vanskelegare enn han hadde trudd. Han kjempar og vert frustrert, før han til slår gjennom og vert «snakkisen på Boulevard». Teksten var opphavleg meir dyster, men etter press frå dei andre medlemmane, skreiv Davies om songen til å bli meir optimistisk og kommersielt tiltalande.[8]

«Child of Vision» er avslutningssporet. Som «The Logical Song» er eit Wurlitzer elektrisk piano hovudinstrumentet. Etter tekstpartiet går songen inn i ein lang solo på flygel i lag med den originale melodien på ein Wurlitzer. Sporet tonar ut med ein kort saksofonsolo av John Helliwell. Roger Hodgson har sagt at songen vart skriven som eit tilsvar til «Gone Hollywood», og omhandlar korleis amerikanarane lever. Men han innrømde at faktisk hadde lite kjennskap til amerikansk kultur då han skreiv songen.[9] Han sa òg at det var eit visst høve for at han undermedvite hadde Rick Davies i tankane då han skreiv teksten.[9]

Kvar song var kreditert til ein enkel musikar på innsida av omslaget, men på vinyletiketten stod det «Tekst og musikk av Roger Hodgson og Rick Davies», som kombinerte dei to og skapte forvirring om kven som hadde skrive kva.

Remove ads

Innspeling

Albumet gjekk gjennom to rundar med demoinnspelingar. Den første av desse var heimedemoar, som kvar bestod av låtskrivaren (anten Rick Davies eller Roger Hodgson) som song og spelte anten akustisk piano eller Wurlitzer elektrisk piano.[8] Den andre var ein åttespors demo spelt inn i Southcombe Studios i Burbank i California seint i april og tidleg i mai 1978. Det var på desse demoinnspelingane bandet arbeidde fram akkompagnementet til alle songane (utanom «Take the Long Way Home») og fann ut kva rekkjefølgje dei skulle ha på albumet.[8]

For å unngå og bruke mykje tid på mikse, sette bandet og produksjonsteamet av ei veke for å eksperimentere med forskjellige lydoppstillingar før dei fann den lyden dei ønskte. Dette vart bortkasta tid sidan lydteknikarane brukte meir enn to særs stressande månader for å få den rette miksen, og vart berre ferdig fordi tidsfristen var nådd, sjølv om dei ikkje kjende seg heilt nøgde med resultatet.[8]

Gnissingane mellom Hodgson og Davies var visstnok nesten ikkje-eksisterande på dette albumet. Lydteknikaren Peter Henderson sa: «Dei kom veldig godt overeins og alle var glade. Det var ei særs, særs god stemning og eg trur alle verkeleg var løfta opp av innspelingane og korleis A&M responderte på dei.»[8] Hodgson var ikkje samd i dette, og sa at han og Davies stadig dreiv lenger bort frå kvarandre, og meinte at Davies mislikte mange av songane hans og ikkje sa noko fordi han tenkte at han kom til å bli stemt ned.[9] Melody Maker-skribenten Harry Doherty kom med ein tredje versjon: «Eg var med bandet i tre dagar og eg såg ikkje Davies og Hodgson snakka i lag ein einaste gong, utanom høflege helsingar og slikt.»[7]

Seks av ti spor på Breakfast in America er framført med Wurlitzer elektrisk piano. Wurlitzeren hadde alt vore nytta på eldre Supertramp-songar som «Dreamer» og «Lady».

Remove ads

Plateomslag

Plageomslaget liknar ein utsikt over Manhattan gjennom eit flyvindauge. Det vart designa av Mike Doud og Mick Haggerty. Biletet syner Kate Murtagh, kledd som ei servitrise kalla «Libby», som ei Fridomsgudinne som held opp eit glas appelsinjuice på ein liten tallerken i eine handa og ein meny i den andre, der det står skrive 'Breakfast in America'. I bakgrunnen kan ein sjå Manhattan laga av cornflakes-boksar, oskebeger, bestikk, sirupflasker, eggekartong, salt og pepar, kaffikrus, ketchup- og sennepflasker osv. Alt er måla kvitt.

Breakfast in America vann Grammyprisen i 1980 for beste plateomslag, og slo mellom andre Talking Heads og Led Zeppelin, blant fleire.[10]

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

I ei positiv melding for Rolling Stone skreiv Stephen Holden at Breakfast in America var ei forbetring over «svermar av bølgjande, Genesis-aktig esoterika» på dei tidlegare albuma deira, og kalla det «eit lærebokdøme på eit post-Beatles, keyboard-sentrert album av engelsk kunstrock som slår den mest djerve balansen mogeleg mellom kvasi-symfonisk klassisisme og rock and roll ... songen her er uvanleg melodiøse og konsist strukturerte, og reflekterer korleis desse musikarane har blitt dynka i amerikansk pop sidan dei flytta til Los Angeles i 1977.»[3] Village Voice-kritikaren Robert Christgau var mindre imponert, og sa at dette «hooky albumet» framkallar «tilfeldige grynt av glede» men manglar kjenslemessig substans på grunn av «eplekjekke» tekstar og ingen «songmessig personlegdom (i motsetnad til nøyaktig synging) og rytmisk framstøyt (i motsetnad til ein beat)».[18]

Breakfast in America toppa den amerikanske Billboard 200-lista i seks veker og vart det bestseljande albumet til Supertramp. Fire av singlane frå albumet vart hittar: «The Logical Song», «Goodbye Stranger», «Take the Long Way Home» og tittelsporet.[12] Colin Larkin skreiv i Encyclopedia of Popular Music (2006) at dette «feilfrie» albumet «heva» Supertramp til «rockens første divisjon».[12] «The Logical Song» vann Ivor Novello-prisen i 1979 for «beste song musikalsk og tekstmessig».[19] I 1990-åra hadde Breakfast in America selt over 18 millionar eksemplar verda over.[1]

I ei seinare melding for AllMusic skreiv Stephen Thomas Erlewine at albumet var «stramt skrive, fengande med velskapte popsongar» og skildra det som «høgvassmålet» deira.[1] John Doran i BBC Music skreiv at låtskrivinga har ein «uslåeleg kvalitet» og meinte at «alle dei ti songane kunne vore hitsinglar».[20] Sputnikmusic og Tyler Fisher skreiv at det var singlane som var høgdepunkta på grunn av dei «fengande knaggane», og meinte at balladane var «heilt forferdelege».[2] Rob Sheffield, skreiv i The Rolling Stone Album Guide (2004), at han meinte albumet hadde «fine augneblink», inkludert «den glade 'Take the Long Way Home,' den adjektiv-gale 'Logical Song,' og 'Goodbye Stranger.'»[15] William Pinfold i Record Collector rekna albumet som «eit klassisk døme på plettfri framført og produsert transatlantisk softrock frå seint i 1970-åra».[4] Innan 2010 har albumet selt over 20 millionar eksemplar.[20]

Ettermæle

I 1987-utgåva av The World Critics List, rangerte musikkritikaren Joel Whitburn Breakfast in America som det fjerde beste albumet gjennom tidene.[21] I 1994-utgåva av The Guinness All Time Top 1000 Albums, var Breakfast in America rangert på 207. plassen på lista over dei beste rock- og popalbuma gjennom tidene,[22] og det vart rangert på 69. plassen blant dei beste britiske rockealbuma gjennom tidene i 2006 i magasinet Classic Rock.[23] Lyttarar av Triple M rangerte albumet på 43. plassen i ei kåring over dei 100 beste albuma gjennom tidene.[24] Sidan Supertramp ofte hadde vore blant dei mindre kritikarroste banda opp gjennom åra,[25] rangerte magasinet Q Breakfast in America på andreplassen på lista si «Records it's OK to Love» i 2006.[26] I 2000 vart det plassert på 294. plassen på lista til Colin Larkin over dei 1000 beste albuma gjennom tidene.[27]

Remove ads

Innhald

Alle songar er kreditert til Rick Davies og Roger Hodgson. I lista under står dei faktiske låtskrivarane.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Musikars

Supertramp

  • Rick Davies – vokal, piano (spor 1, 2, 10), Hammondorgel (spor 2, 3, 6, 7, 8), Wurlitzer elektrisk piano (spor 3, 5, 8, 9), Harpsichord (4), synthesizer (spor 1, 2, 5, 6, 10), munnspel (spor 6), wah-wah clavinet (spor 2[28])
  • Roger Hodgson – vokal, elektrisk gitar (spor 1, 2, 3, 4, 5, 6, 8, 10), akustisk 12-strengsgitar (spor 2,[28] 5, 7), piano (spor 4, 6, 7), Wurlitzer elektrisk piano (spor 2, 10), pump orgel (spor 4, 7)
  • John Helliwell – saksofon (spor 1, 2, 5, 9, 10), klarinett (spor 4, 6, 7), sirene (spor 2), plystring (spor 3), korvokal
  • Dougie Thomson – bass
  • Bob Siebenberg (oppført som Bob C. Benberg) – trommer, perkusjon

Studiomusikarar

Produksjon

  • Peter Henderson – produsent
  • Supertramp – produsent
  • Peter Henderson – lydteknikar
  • Lenise Bent – assisterande lydteknikar
  • Jeff Harris – assisterande lydteknikar
  • Greg Calbi – ommastring (2002)
  • Jay Messina – ommastring (2002)
  • Russel Pope – lydteknikar på konsertopptak
  • Mike Doud – kunstnarisk leiar, konsept, kunstverk
  • Mick Haggerty – kunstnarisk leiar, design
  • Mark Hanauer – fotografi
  • Aaron Rapoport – fotografi på framsida
Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (1979), Plassering ...
Remove ads

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...
Remove ads

Prisar

Grammyprisen

Meir informasjon År, Vinnar ...
Meir informasjon År, Nominert ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads