The Long and Winding Road
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«The Long and Winding Road» er ein ballade frå 1970 skriven av Paul McCartney (men tilskriven Lennon/McCartney) på albumet Let It Be av The Beatles. Han vart den siste førsteplassen til Beatles i USA,[1] og den siste singelen dei gav ut før dei gav seg. Singelen vart berre gjeven ut i USA. B-sida på singelen var «For You Blue».
Sjølv om songen fekk stor suksess, likte ikkje McCartney etterproduksjonen til Phil Spector. Dette vart den siste dropen som fekk McCartney til å løyse opp The Beatles i retten. Ein av dei seks årsakene McCartney førte opp for å løyse opp bandet var handsaminga av «The Long and Winding Road».
Remove ads
Inspirasjon
McCartney skreiv songen med han var på garden sin i Skottland, og var inspirert av den interne kranglinga i The Beatles.[2]
McCartney spelte raskt inn ein demo av songen under innspelinga av The White Album.[3]
Songen har form som ein pianoballade med konvensjonelle akkordsekvensar. Tekstmessig er han ein trist og melankolsk song. Songen manglar eit tradisjonelt refreng og opningstemaet kjem fleire gonger i løpet av songen.
The Beatles spelte inn «The Long and Winding Road» den 26. og 31. januar 1969, dagen etter den legendariske tak-konserten deira, med McCartney på piano, John Lennon på bass, George Harrison på gitar, Ringo Starr på trommer og Billy Preston på hammondorgel.
Glyn Johns vart beden om å mikse Get Back-albumet, som seinare vart til Let It Be og valde ut den beste versjonen av songen.[4] Utgjevinga av albumet vart utsett og då The Beatles i staden for spelte inn Abbey Road seinare i 1969, vart Get Back skrinlagd. Phil Spector fekk så tidleg i 1970 i oppgåve å redde albumet, som no fekk tittelen Let It Be.
Spector gjorde fleire endringar med songen, mellom anna ved at han la på orkester og korsong. McCartney vart rasande då han først høyrde Spector si utgåve av songen, men klarte ikkje å stoppe utgjevinga av albumet for endre songen. Ni dagar etter Spector var ferdig med songen, annonserte McCartney at The Beatles var oppløyst.
Songen vart uansett ein suksess i USA og gjekk inn på singellista den 11. mai 1970. Han selde 1,2 millionar eksemplar på berre to dagar. 13. juni vart han den tjuande og siste Beatles-songen som hamna på toppen av denne singellista.
Remove ads
Medverkande
I følgje Walter Everett:[5]
The Beatles
- Paul McCartney – vokal, piano
- John Lennon – 6-strengs bass
- George Harrison – elektrisk gitar
- Ringo Starr – trommer
Andre musikarar
- Billy Preston – Fender Rhodes
- Ukjend orkester – 18 fiolinar, 4 bratsjar, 4 celloar, harpe, 3 trompetar, 3 trombonar, 2 gitarar, 14 kvinnelege stemmer[6]
- Richard Hewson – orkesterarrangement[7]
- John Barham – korarrangement[8]
Salslister og salstrofé
Andre utgåver
Fleire andre artistar har gjeve ut sine utgåver av songen, mellom andre Suspicious Minds, Diana Ross, Kenny Rogers, Olivia Newton-John, Peter Frampton, Cher, Leo Sayer, Aretha Franklin, Billy Ocean, The Four Tops og Tom Jones.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads