The Millennium Bell
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
The Millennium Bell er det tjuande studioalbumet til den engelske musikaren Mike Oldfield, gjeve ut i 1999. Temaet på albumet er tankar omkring forskjellige periodar i historia. Albumet kom ut like før tusenårsskiftet og fekk namn etter dette og Tubular Bells-serien hans. Oldfield framførte verket på ein konsert i høve nyårsfeiringa 31. desember 1999.
Remove ads
Innspeling, utgjeving og konserten
Oldfield spelte inn det meste av albumet i heimestudioet sitt, Roughwood Studios i Berkshire, og orkesteret på berre ein dag i Abbey Road Studios i London med London Session Orchestra.
Det var det tredje albumet til Oldfield på berre eitt år, etter Tubular Bells III seint i 1998 og Guitars tidlegare i 1999. Det var det tredje albumet til Oldfield som kom ut på MiniDisc-formatet, etter Tubular Bells og Tubular Bells II, som begge kom på MiniDisc i 1992.
Det vart halde ein gratiskonsert av siste halvdel av albumet, i tillegg til somme eldre spor, i Berlin på nyårsaftan 1999, med eit publikum estimert til kring ein halv million menneske.[2] Denne konserten kom sidan ut på DVD (og seinare CD) under tittelen The Art in Heaven Concert.
Hovudtemaet på The Millennium Bell er eit syn på viktige hendingar gjennom historia og forskjellige sider ved mennesket. Musikalsk er albumet variert, frå majestetiske kor og filmaktig orkestermusikk til new-age-aktige lydlandskap og etniske lydar til sterke pulsar av elektronisk perkusjon.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Mike Oldfield
Medverkande
- Mike Oldfield – musikar, komponist og produsent.
- London Session Orchestra
- The London Händel Choir
- The Grant Gospel Choir
- Nicola Emmanuelle – vokal
- David Serame – vokal
- Miriam Stockley – vokal
- Camilla Darlow – vokal
- Andrew Johnson – vokal
- Gota Yashiki – trommer
- Martay – vokal
- Pepsi Demacque – vokal
- Greta Hegerland-Oldfield – forteljing
- DJ Pippi – Arrangement
- Robyn Smith – Dirigent, arrangør
- Ben Darlow – lydteknikar
Salslister
Salstrofé og salstal
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads