The Musical Box av Genesis

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«The Musical Box» er ein song av det engelske progressiv rock-bandet Genesis, som opphavleg kom ut på det tredje studioalbumet deira, Nursery Cryme i 1971.[1] Songen er skriven i Fiss-dur.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Komposisjon

Sjølv om stykket er oppført som skrive av Banks/Collins/Gabriel/Hackett/Rutherford, byrja «The Musical Box» som eit instrumentalt stykke skrive av Anthony Phillips[2] kalla «F#» (seinare gjeve ut som «Manipulation» i ein plateboks). Teksten er basert på eit viktoriansk eventyr skrive av Gabriel, om to barn på eit gods. Jenta, Cynthia, tek livet av guten, Henry, ved å kløyve hovudet hans med ei krokketkølle. Ho finn seinare speledåsen til Henry. Når ho opnar denne speler han «Old King Cole» og ånda til Henry kjem attende. Ånda vert derimot raskt eldre. Dette gjer at Henry i løpet av få augneblink opplever ei livstid med seksuell lyst, og han prøver å overtale Cynthia til å liggje med han. Lydane får barnepleiaren hans til å kome og ho kastar speledåsen på han, og øydelegg begge to. Plateomslaget syner Cynthia som held ei krokketkølle og eit par hovud som ligg på bakken.[3]

Collins bruker klubber på trommene sine under fløytesoloen og Gabriel spelar òg obo under 'Old King Cole'-delen. Hackett, Banks og Rutherford spelar alle akustiske 12 strengsgitarar. Under den korte tida si med bandet, la Mick Barnard til gitarpartar mot slutten av songane medan dei øvde på songen. Bandet likte dette. Hackett heldt på gitarpartane til både Phillips og Barnard, og la til litt av sine eigne til songen òg.

Remove ads

Konsert

På scenen hadde Peter Gabriel på seg maska av ein «gammal mann» for det siste veret og drog ned glidelåsen på den svarte bodyen sub. Dramatiske lyseffektar vart nytta kvar gong han ropte «NOW!». «The Musical Box» var på konsertrepertoaret deira heilt fram til Phil Collins slutta etter We Can't Dance-turneen i 1992, sjølv om det berre var den siste avsluttande delen som ein del av ei medley.

Ettermæle

Eit hyllestband til Genesis er kalla opp etter songen.

Brian May, gitarist i Queen, har fortalt Steve Hackett at han var inspirert av gitarsoloen i harmoni mot slutten av songen.[4]

Medverkande

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads