The Rapture av Siouxsie and the Banshees

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

The Rapture er det 11. og siste studioalbumet til det engelske alternativ rock-bandet Siouxsie and the Banshees. Songane med celloarrangement, inkludert tittelsporet, i tillegg til «Fall from Grace» og «Not Forgotten», vart produserte av bandet på eiga hand i 1993. John Cale produserte sidan resten av songane i midten av 1994.

Meir informasjon Siouxsie and the Banshees-kronologi, Siouxsie Sioux-kronologi ...
Remove ads

Innspeling og utgjeving

Etter å ha komponert songar i heimen til Siouxsie og Budgie nær Toulouse i Frankrike i mars og april 1993, drog bandet til Léon nær Biarritz. Dei produserte den første delen av albumet i Studio du Manoir i mai. I byrjinga av 1994 spelte dei inn resten av songane i London, denne gongen med produsenten og det tidlegare Velvet Underground-medlemmar John Cale, som tidlegare hadde produsert album bandet likte godt, som Patti Smith sitt Horses og det første Modern Lovers-albumet. Cale miksa òg eit spor, «Fall from Grace», frå den første innspelinga.

I Storbritannia gav Polydor berre ut albumet på CD og kassett, medan Geffen i USA òg gav albumet ut på vinyl.

Albumet vart ommastra i 2014 med tre bonusspor, mellom anna ein song som ikkje var gjeven ut før kalla «FGM», og «New Skin», ein song spelt inn for filmmusikken til Showgirls av Paul Verhoeven.[2] «New Skin» har ein annan miks og er lengre enn originalen på Showgirls. Frå 2014 og på seinare nyutgjevingar har «Stargazer» fått ein annan miks av Mark Saunders i staden for den originale miksen som bandet laga.

Ei dobbel vinylutgåve av albumet, med ommastra lyd, kom ut i desember 2018.

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

The Rapture fekk god kritikk. Melody Maker skreiv: «The Rapture er ei fascinerande og transkontinental reise gjennom farar og exotica». Arrangenmtet vart skildra som «eit levande overflodshorn med rik instrumentering, mandolinar som kjemper med celloar og bjøller, sveipande strykarar som skildrar stjernelyse hav og sirener som kallar frå kvasse klipper, og loft som gøymer løynde verder».[6] Steve Malins i Vox likte òg albumet. Han sa «Tittelsporet er eit strålande melodrama som minner om eksperimenteringa på Peepshow og Kiss in the Dreamhouse frå 1982», og konkluderte med «The Rapture representerer ein intelligent vri på kjende Banshees lidenskapar».[5] Liz Buckley i Sun Zoom Spark skreiv «Korleis kan eit band som vart skipa nesten to tiår sidan klare å halde seg så vitalt og så sett pris på? Svaret: Metamorfose». Buckley skreiv òg at «albumet klarar å få håra på nakken til å reise seg».[7] Select gav albumet fire av fem stjerner og skreiv at bandet var «leverer skummel pop betre enn dei fleste». Matt Hall skreiv at gruppa «travar fram med muntre melodiar om mentale samanbrot, kjærleik på grensa til mani og alvorleg forvridde forhold. The Rapture er ei fin lita russisk dukke på plate. Under klaverlinjene, dei frodige strykarane og OTT-perkusjon, finn ein i sentrum av kvar song ein flik av uro som gjer at du lyttar om att og om att».[4]

Remove ads

Innhald

Alle spora produserte av Siouxsie and the Banshees utanom spor 1-2 og 7-8-9 av John Cale. Spor 4 produsert av Siouxsie and the Banshees og miksa av John Cale.

All musikk komponert av Siouxsie and the Banshees, utanom bonusspora «FGM» av Siouxsie/Jon Klein og «New Skin» av Siouxsie.

All tekst skriven av Siouxsie Sioux, utanom der andre er nemnde

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Andre medverkande
  • Renaud Pion - blåseinstrument
  • Knox Chandler - gitar på «New Skin»
  • Gary Barnacle, Peter Thoms, Luke Tunney og John Thirkell [ikkje oppført] - blåsarar på «New Skin»
Teknisk
  • John Cale - produsent og miks
  • Martin Brass - lydteknikar
  • Charlie Gray - lydteknikar
Remove ads

Salslister

Album

Meir informasjon År, Liste ...

Singlar

Meir informasjon År, Singel ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads