Tokelauisk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Tokelauaisk er eit polynesisk språk i den malayopolynesiske greina av den austronesiske språkfamilien. Tokelauisk blir snakka av dei rundt 1 700 innbyggjarane på Tokelau, og dessutan av kring 2 900 personar på New Zealand. Eit av dei næraste slektsspråka er samoansk.[2]

Kjappe fakta
Remove ads

Fonologi og ortografi

Vokalar

Tokelauisk har eit typisk polynesisk vokalsystem, med fem vokalar som kan vere korte eller lange.

Meir informasjon Fremre, Bakre ...

Kjelde: omniglot.com[3]

Thumb
Ei side frå grunnlova til Tokelau, på tokelauisk.

I den tokelauiske ortografien er dei lange vokalane skrive med makron, slik: ā, ē, ī, ō, ū´. Det er ein viss tendens til å merke vokallengd berre når det eksisterer minimale par (som t.d. afi ‘eld’ vs. afī ‘ei pakke beståande av mat’ eller taua ‘krig’ vs. tāua ‘eg og du’), men normert tokelauisk, som t.d. grunnlova (til høgre) eller Det nye testamentet,[treng kjelde][4] markerer lange vokalar uavhengig av om dei er del av eit minimalt par eller ikkje.

Konsonantar

Tokelauisk har, som alle polynesiske språk, eit svært lite konsonantsystem, for tokelauisk sin del beståande av 10 konsonantar. Der det i same rute i tabellen står to teikn står den ustemde til venstre.

Meir informasjon Bilabial, Labiodental ...

Kjelde: omniglot.com[3] Fonema blir skrivne med same symbol som i tabellen, med tre unntak: Lyden /ŋ/ blir skrive med <g>, slik: <agāga> [aŋa:ŋa] "sjel, ande". Lyden referert til som /f/ og skrive som <f> er ein labio-glottal bilabial ustemt frikativ [ɸ̰], dvs. som ein w- og ein h-lyd samstundes. /h/-lyden er ein glottal frikativ, som i norsk h, men framfor bakre vokalar /a, o, u/ er han palatalisert til [hʸ], dvs. til ein lyd som kan minne om ein norsk kj-lyd.

Ortografi

Tokelauisk blir skrive med det latinske alfabetet. Lange vokalar blir markert med makron (t.d. ā for [aː]).

Skriftsystemet for tokelauiske ord inneheld følgjande bokstavar: A, E, I, O, U, F, G, K, L, M, N, P, H, T, V.[3]. Legg merke til at det tokelauiske alfabetet blir sortert på same måte, slik at t.d. autu, ‘grøft’, blir alfabetisert før alofilia, ‘handflate’. Dei lange vokalane Ā, Ē, Ī, Ō, Ū blir sortert på same nivå som dei tilsvarande korte, men likevel etter dei.

Remove ads

Grammatikk

Nominalfraser

Nominalfraser i tokelauisk har følgjande struktur, der fakultative element står i parantes, og obligatoriske i feite typar (Hooper s. 19):

  • (preposisjon)
  • determinativ
  • (possessivpronomen)
  • (premodifikator)
  • kjerne
  • (postmodifikator)
  • (demonstrativ)

Nominalfrasar utan preposisjon er subjekt i setninga, dvs. berre ein nominalfrase i setninga er utan preposisjon.

Tokelauisk i samfunnet

Den første Bibelen på tokelauisk vart publisert i 2021. Sjølve omsetjingprosessen tok 23 år og vart overvaka av Ioane Teao.[5] I kyrkjene har ein tradisjonelt nytta samoisk, dette kjem å bli endra når heile Bibelomsetjing blir fullført. Den nye Bibelen er basert på engelske og samoanske bibelomsetjingar.[6]

Ein årleg fest er det tokelauiske språkets veke (tokelauisk Te vāiaho o te gagana Tokelau, engelsk Tokelau Language Week) som blir feira for å utvida medvitet om språket og den tokelauanske kulturen. Under veka lærer den eldre generasjonen ut tradisjonar til yngre generasjonar.[7]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads