Tom Sawyer av Rush
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Tom Sawyer» er ein song av det kanadiske rockebandet Rush, kalla opp etter rollefiguren til Mark Twain. Songen vart gjeven ut av Mercury Records og PolyGram i 1981 på Moving Pictures og fleire samlealbum i ettertid. Han finst òg på mange konsertalbum.
Musikken er tungt basert på synthesizeren til Geddy Lee og trommene til Neil Peart. Geddy Lee har kalla songen «det definitive musikkstykket frå det tidlege 80-talet».[1] Det er ein av dei mest kjende songane til Rush og vert ofte spelt på classic rock-radio. Han nådde 25. plass på singellista i Storbritannia i oktober 1981[2] og 44. plass i USA.[3] I 2009 vart han kåra til den 19. beste hardrocksongen gjennom tidene av VH1.[4]
«Tom Sawyer» byrjar i 4/4-takt og byter til 7/8-takt og 13/16 takt i instrumentaldelen, før han går attende til 4/4 og så til 7/8 att mot slutten.
Remove ads
I populærkultur
I film
- Fanboys (òg med «Limelight»)
- Rob Zombie sin Halloween[5]
- I Love You, Man (som òg har med «Limelight»)
- Small Soldiers
- Adam Sandler sin The Waterboy[6]
- Ari Gold sin Adventures of Power[7]
I fjernsyn
- Chuck,[8]
- Bandet framførte songen på The Colbert Report i juli 2008, den første framføringa deira på amerikansk TV på 33 år.[9]
- Everybody Hates Chris
- Family Guy
- Freaks and Geeks
- Fringe
- Futurama
- The Hard Times of RJ Berger
- Denne songen erstatta den originale kjenningsmelodien til MacGyver i den originale kringkastinga i Brasil.[10]
- Regular Show
- The Sopranos
- Trailer Park Boys
Remove ads
Andre versjonar
Songen er òg vorte spelt av artistar som The Aquabats, The Bad Plus, Barenaked Ladies, Deadsy, The Lost Fingers, Mindless Self Indulgence, Rage, Run for Cover, Sebastian Bach
Songen vart sampla av Young Black Teenagers i 1994 på deira «Time To Make The Dough Nutz»
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads