Tumbling Dice
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Tumbling Dice» er ein song av The Rolling Stones frå dobbeltalbumet Exile on Main St. frå 1972, og den første singelen frå albumet. Han er skriven av Mick Jagger og Keith Richards. Singelen nådde sjuandeplassen i USA, femteplassen i Storbritannia og sjetteplassen i Noreg. Grunnsporet til songen vart spelt inn i kjellaren i det franske chateau Villa Nellcôte den 3. august 1971. Mick Taylor, sologitarist i the Rolling Stones, spelte bass på songen, sidan Bill Wyman var borte denne kvelden, medan Mick Jagger spelar gitar.
Teksten omhandlar ein gamblar som ikkje klarar å vere trufast mot kvinner. Mange artistar har spelt utgåver av songen i så forskjellige stilar som reggae, bluegrass og støyrock. Linda Ronstadt gav ut songen på singel i 1978.
Remove ads
Innspeling
«Good Time Women», ei tidleg utgåve av «Tumbling Dice», vart innspelt under innspelinga av albumet Sticky Fingers. Songen er ein bluesaktig boogie-woogie med dominerande piano av Ian Stewart. Dei to songane har same akkordprogresjon og ein liknande melodi. «Good Time Woman» manglar derimot opningsgitaren, korvokalen og rytmen som driv «Tumbling Dice».
«Tumbling Dice» vart spelt inn i kjellaren i chateau Villa Nellcôte, nær Villefranche-sur-Mer i Frankrike. Både Charlie Watts og produsent Jimmy Miller spelte trommer samstundes på albumutgåva av songen. Jagger har sagt at «Tumbling Dice» vart skriven til gitarriffet til Keith Richards, og at han omhandlar gambling og kjærleik, noko han kallar eit gammalt bluestriks.[1]
Singelen vart gjeven ut 14. april 1972. Han var den 23. singelen til the Rolling Stones i USA, og den 17. i Storbritannia. B-sida til singelen var «Sweet Black Angel», ein song skriven av Jagger om Black Panther-aktivisten Angela Davis.
Songen har ei uregelmessig tekstform. Mange songar har like mange linjer i kvart vers og refreng. I denne songen har førsteverset åtte linjer, andreverset sekslinjer og sisteverset to linjer. Det første refrenget har to linjer, det andre tre linjer og det tredje har tolv linjer.
Remove ads
Konsertar
The Rolling Stones spelte «Tumbling Dice» første gong på konsert den 3. juni 1972 i Vancouver i Canada. Sidan den gong er det berre fire ordinære turnekonsertar der the Stones ikkje har spelt songen. Tre konsertutgåver er gjevne ut på album, Stripped, Love You Live og Shine a Light.
Medverkande
- Mick Jagger – solovokal, rytmegitar[2]
- Keith Richards – sologitar, korvokal[2]
- Mick Taylor – bass[2]
- Charlie Watts – trommer[2]
- Jimmy Miller – trommer (coda)[2]
- Nicky Hopkins – piano[2]
- Bobby Keys – saksofon[2]
- Jim Price – trompet, trombone[2]
- Clydie King, Venetta Fields, Sherlie Matthews – korvokal[2]
Salslister
Ettermæle
Musikkmagasinet Rolling Stone rangerte songen på 433. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene, medan musikkmagasinet Q plasserte songen på 258. plass på deira liste over dei 1001 største songane gjennom tidene.
Andre utgåver
Linda Ronstadt hadde ein hit med «Tumbling Dice» i 1978. Andre artistar som har spelt songen er mellom andre Hilary Rosen, Pussy Galore, Skrewdriver, Owen Gray, Barry Goldberg, Molly Hatchet og Bon Jovi.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads