Up av Peter Gabriel

studioalbum av Peter Gabriel (2002) From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads
Remove ads

Up er det sjuande studioalbumet og det 13. albumet i alt av den britiske musikaren Peter Gabriel, gjeve ut i 2002. Det er det siste fulle studioalbumet hans med ny original musikk til no, sidan dei seinare albuma Scratch My Back og New Blood inneheld versjonar av høvesvis andre artistar sine songar og orkesterutgåver av eldre materiale av Gabriel.

Meir informasjon Peter Gabriel-kronologi, Singlar frå ...
Remove ads

Innspeling

Arbeidet med albumet byrja våren 1995. På eit tidspunkt vurderte han namnet I/O på albumet. Gabriel sa at albumet var nær ferdig i i 1998, men det kom ikkje ut før i september 2002. I månadane før albumet kom ut, kom det videoklipp der Gabriel snakka om songane, i tillegg til korte demoar av kvar song på den offisielle heimesida hans.

Songar

Tekstane på albumet omhandlar for det meste fødsel og særleg død. Opningssporet, «Darkness», er ein song om å overvinne frykt. «Growing Up» er ei oppsummering av livet sett til ein pulerande rytme. «Sky Blue» er ein song Gabriel hevda å arbeide på i ti år før han vart ferdig. Sporet «No Way Out» er det første sporet som berre handlar om død, sjølv om død er eit gjennomgåande tema på heile albumet. «I Grieve» kom til då Gabriel såg over katalogen sin med musikk som om det var ein katalog over kjenslemessige reiskap. Han fann ut at det var ein større reiskap som mangla, om korleis ein taklar død og derfor skreiv han «I Grieve». Gabriel framførte songen på fjernsynsshowet Larry King Weekend på eittårsdagen for 11. september-åtaka i USA, då Gabriel fortalte at dei to døtrene hans budde i New York City og han ikkje fekk kontakt med dei d dette skjedde. Songen var for dei folka som ikkje høyrte noko frå familien sin under hendinga.[1] Songen vart derimot ikkje skriven spesifikt for 11. september, og hadde vore med på filmmusikken til City of Angels i 1998 (i ein tidlegare versjon) og framført på konsertar før 9. september.

Den første singelen frå Up var «The Barry Williams Show» ein dempa, jazza song som omhandlar prateshowvertar som Jerry Springer. Den andre singelen, «More Than This», er ein av dei meir livlege songane på albumet. Songen lurer på om det er noko meir i livet. Songen «Signal to Noise» vart ei utfordring for Gabriel fordi gjestevokalisten hans Nusrat Fateh Ali Khan døydde. Vokalen hans var alt som var att for å gjere ferdig songen, og Gabriel nytta i staden eit konsertopptak av songen frå 1996. «The Drop», den siste songen på albumet, består av berre Gabriel og eit flygel.

Remove ads

Format og innpakning

Plateomslaget syner fem vassdropar på ei diagonal linje, over ein uskarp bakgrunn av andletet til Gabriel. Kvar drope inneheld eit refraktert bilete av andletet.

Albumet kom i stereo på CD og vinyl, medan ein kringlydversjon kom ut på Super Audio CD og DTS DVD-A.

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Samla karakter ...

Up fekk generelt positive meldingar frå kritikarane. Metacritic, som gjev ein normalisert rating opp til 100 basert på meldingar frå kjende magasin, nettstader og aviser, gav albumet 74 av 100, basert på 16 meldingar.[2]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Peter Gabriel

Medverkande

Musikarar
  • Peter Gabriel – vokal (alle spor) orgel (spor 2, 6, og 8) bassgitar (spor 4), munnspel (spor 6), piano (spor 1, 3-4, 7-8, 10), reverserte strykarar (spor 6), harmonium (spor 4), klaverinstrument (spor 1, 3, 5), tom-tom (spor 4), samplingar (spor 5 og 9), Mellotron (spor 6-7, 9), elektronikk (spor 1, 3, 6, 8-9), synthbass (spor 2, 5-6, 9), MPC-groove (spor 1-4, 6, 8-9), crotales (spor 4), sampla gitar (spor 8) sampla klaverinstrument (spor 2 og 4) strykarsampling (spor 6), Telecaster (spor 4 og 6), JamMan (spor 1-2)
  • Tony Levin – bass (spor 1 og 3–8)
  • David Rhodes – gitarar (spor 1–4, 7 og 9), gitar (spor 6 og 8), elektrisk gitar (spor 5), korvokal (spor 2–3, 6 og 8–9)
  • Manu Katché – trommer (spor 1–3, 5–7)
  • Dave Power – trommer (spor 1)
  • Hossam Ramzy – tabla (spor 4), perkusjon (spor 7)
  • L. Shankar – improvisert dobbelfiolin (spor 5)
  • Melanie Gabriel – korvokal (spor 3 og 8)
  • Tchad Blake – scratching (spor 2), rytmeeffektar (spor 6)
  • Jon Brionmandolin (spor 8), Chamberlin (spor 8)
  • Richard Chappell – programmering, perkusjon (spor 2), handsama loop (spor 6), sløyfemanipulering (spor 7)
  • Christian Le Chevretel – trompet (spor 6)
  • Adrian Chivers – korvokal (spor 2)
  • Pete Davis – ekstra programmering (spor 2)
  • Dominque Mahut – perkusjon (spor 2 og 7)
  • Richard Evans – blokkfløyte (spor 4), akustisk gitar (spor 5)
  • Bob Ezrin – blåsararrangement (spor 7)
  • Tony Berg – baklengs gitar (spor 6)
  • Mitchell Froom – baklengs piano (spor 4)
  • Steve Gadd – trommer (spor 4 og 9), perkusjon (spor 9)
  • Peter Green – gitar (spor 3)
  • Dominic Greensmith – trommer (spor 4 og 8)
  • Will Gregory – strykearrangement (spor 1 og 9)
  • Stephen Hague – perkusjon (spor 5)
  • Chris Hughes – trommeprogrammering (spor 4)
  • Nick Ingham – orkestrering (spor 1 og 9)
  • Nusrat Fateh Ali Khan – vokal (spor 9)
  • Daniel Lanois – gitar (spor 3), perkusjon (spor 3)
  • Sally Larkin – korvokal (6)
  • Ged Lynch – trommer (spor 2, 6 og 8), perkusjon (spor 2–9)
  • Chuck Norman – Spectre-programmering (spor 5), strykarar (mellompel; spor 5)
  • David SanciousHammondorgel (spor 3)
  • Ed Shearmur – blåsararrangement (spor 7)
  • Alex Swift – ekstra programmering (spor 1–3)
  • Assane Thiam – perkusjon (spor 7)
  • Danny Thompson – kontrabass (spor 4)
  • Will White – perkusjon (spor 5)
  • Black Dyke Band blåsarar (spor 7)
  • Blind Boys of Alabama – ekstra vokal (spor 3), korvokal (spor 8)
  • Dhol Foundation – Dhol trommer (spor 9)
  • London Session Orchestra strykarar (spor 1 og 9)
  • Isobel Griffiths – dirigent (spor 1 og 9)
Teknisk
  • Peter Gabriel – produsent, design
  • Steve Osbourne – ekstra produksjon (spor 2)
  • Stephen Hauge – samprodusent (spor 5)
  • Richard Chappell – innspeling, lydteknikar
  • Richard Evans – ekstra lydteknikar
  • Alan Coleman – assisterande lydteknikar
  • Edel Griffith – assisterande lydteknikar
  • Dan Roe – assisterande lydteknikar
  • Chris Treble – assisterande lydteknikar
  • Ben Findlay – innspelingsteknikar
  • Steve Orchard – orkesterlydteknikar (spor 1 og 9)
  • Derek Zuzarte – ekstra lydteknikar (Blind Boys of Alabama vokal)
  • Kevin Quah – ekstra lydteknikar (Blind Boys of Alabama vokal)
  • Yang – ekstra lydteknikar (Blind Boys of Alabama vokal)
  • Steve McLaughlin – ekstra lydteknikar (Black Dyke Band)
  • Tchad Blake – miksing (spor 1–4 og 6–9)
  • Claire Lewis – mikseassistent
  • Marco Miglari – ekstra mikseassistent
  • Paul Grady – ekstra mikseassistent
  • Richard Evans – miksing (spor 5)
  • Stephen Hague – miksing (spor 5)
  • Kurt Hentschlägergranularsyntese
  • Ulf Langheinrich – granularsyntese
  • Marc Bessant – designkonsept
  • Susie Millns – designkoordinator
  • Adam Fuss – fotografi
  • Arno Rafael Minkkien – fotografi
  • M. Richard Kirstel – fotografi
  • Mari Mahr – fotografi
  • Michal Rovner – fotografi
  • Paul Thorel – fotografi
  • Shomei Tomatsu – fotografi
  • Susan Derges – fotografi
  • Susan Derges – fotografi
  • Dilly Gent – fotokoordinering
Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (2002), Plassering ...
Remove ads

Salstrofé

Meir informasjon Organisasjon, Nivå ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads