Urgent av Foreigner
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Urgent» er ein song av det britisk-amerikanske rockebandet Foreigner, og den første singelen frå hitalbumet deira 4 frå 1981.
Songen gjekk inn på den amerikanske singellista og nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100, der han låg heile september 1981.[1] «Urgent» gjekk til topps på Billboard Hot Mainstream Rock-lista og låg der i fire veker.[2]
Songen vart den nest bestseljande singelen til Foreigner (etter «I Want to Know What Love Is») i både Canada og Sverige, og nådde toppen av lista i 1981 i Canada og 20. plassen i Sverige i mars 1982.[3] I Australia nådde «Urgent» 24. plassen i august 1981. I Storbritannia nådde songen berre 54. plassen då han først kom ut i 1981, men etter at «Waiting for a Girl Like You» gjekk høgt på lista der i 1982, vart singelen gjeven ut på ny og denne gongen nådde han 45. plassen.[4]
Remove ads
Salslister
Remove ads
Andre versjonar
Junior Walker, som spelte saksofon på originalinnspelinga, spelte inn sin eigen verjson i 1983 på All-Stars-albumet Blow the House Down.[13] Walker-versjonen vart nytta i Madonna-filmen Desperately Seeking Susan i 1985.
Shannon spelte inn ein versjon i 1985 for albumet Do You Wanna Get Away. Hennar singel nådde 68. plassen på Billboard's R&B Singles-lista i 1985.[14]
Den franske songaren Cherie sampla gitarintroriffet frå Foreigner-innspelinga for debutsingelen hennar «I'm Ready» i 2004.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads