Val-de-Travers
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Val-de-Travers er ein kommune i distriktet Val-de-Travers i kantonen Neuchâtel i Sveits. Kommunen har 10 832 innbyggjarar (2010) og eit areal på 13 km². Kommunesenteret ligg 737 meter over havet. Val-de-Travers er hovudstad i distriktet som har namn etter kommunen.
Det meste av kommunen Val-de-Travers ligg i ein dal som kommunen har namn etter. I søraust har kommunen ei lang grense mot kantonen Vaud, medan kommunen har ei kort grense mot Frankrike i vest.
Han vart skapt 1. januar 2009 då dei tidlegare kommunane Boveresse, Buttes, Couvet, Fleurier, Les Bayards, Môtiers, Noiraigue, Saint-Sulpice og Travers slått saman til Val-de-Travers.[1]
Regionen er kjend for produksjon av absint.

Kommunen ligg i Jurafjella. Dalen gev eit samband mellom Det sveitsiske platået og Franche-Comte. Elva L'Areuse (tidlegare kalla La Reuse) renn gjennom dalen.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads