Vesuvian
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vesuvian eller idokras er eit mineral som finst på kontakt- og skarnførekomstar, krystalliserer tetragonalt og er oftast brunt, gult eller grønt. Klare varietetar kan brukast som smykkesteinar (hardleik 6–7). Vene krystall kjennest frå fleire lokalitetar i Oslofeltet, særleg Hamrefjell i Eiker og Myrseter ved Drammen. Spesielt store krystall er funne i Eg ved Kristiansand, elles finst vesuvian ei rekkje stader i Noreg. Den sjeldne varieteten cyprin, som er blå og noko koparhaldig, er originalskildra frå Noreg (Sauland i Telemark). Mineralet er eit hydroksylhaldig silikat av kalsium, magnesium, jarn og aluminium, med formel Ca10(Mg,Fe)2Al4(SiO4)5(Si2O7)2(OH)4.
Det vart først oppdaga i blokker eller like ved lavaer på Vesuv.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads