Victim of Changes
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Victim of Changes» er ein song av det britiske heavy metal-bandet Judas Priest frå studioalbumet Sad Wings of Destiny i 1976. Adrien Begrand, som skreiv for PopMatters, hevda at songen endra løpet for heavy metal-historia.[1] Gitarspelinga er òg vidkjend,[2] og Bob Gendron hylla «jordras-riffa» i Chicago Tribune.[3] Den «episke» songen har blitt ein Judas Priest-klassikar,[4] og Martin Popoff førte songen på 17. plassen på lista over dei 500 beste heavy metal-songane gjennom tidene.[5]
Songen er ein kombinasjon av to songar av to Judas Priest-songarar: «Whiskey Woman»[1] av Priest-grunnleggjaren Al Atkins, og «Red Light Lady» av den seinare songaren Rob Halford.[6] Konsertversjon av songen finst på fleire av konsertalbuma til Judas Priest, som Unleashed in the East, '98 Live Meltdown og Live in London.
Remove ads
Andre versjonar
- San Francisco Bay-bandet Forbidden framførte songen live på «Raw Evil - Live at the Dynamo» i 1989.
- Det tyske power metal-bandet Gamma Ray gav ut ein song som bonusspor på albumet Somewhere Out in Space i 1997.
- Al Atkins, den tidlegare songaren i Judas Priest og medlåtskrivar på songen, spelte inn songen i 1998 for albumet med same namn.
- Mushroomhead spelte songen live i 1997.
- Judas Cradle spelte songen i 2012.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads