Vitskap i 1829
From Wikipedia, the free encyclopedia
Vitskapsåret 1829 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1829.
Hendingar
- Ved konkurransane i Rainhill, 6. oktober, vann George Stephenson sitt lokomotiv The Rocket over blant andre John Ericsson sitt Novelty
- Gaspard-Gustave Coriolis formulerte dei moderne definisjonane om arbeid og rørsleenergi.
- Nikolaj Lobatjevskij publiserte eit arbeid om hyperbolisk ikkje-euklidsk geometri.
- Jules Desnoyers gav namn til den geologiske perioden kvartær.
- Philippe-Charles Schmerling oppdaga fossil av neandertalarar. Eit av dei er delar av ein skalle til eit lite barn.
- William Austin Burt fekk patent på den første skrivmaskinen.
- Louis Braille fann opp opphøgd eller relieftrykk, som gjer det mogeleg for blinde å føle trykte bilete.
Prisvinnarar
- Copleymedaljen: ikkje utdelt.
- Royal Medal: Eilhard Mitscherlich og Charles Bell.
Fødde
- 2. februar – Alfred Brehm, tysk zoolog (død 1884)
- 7. september – Friedrich August Kekulé von Stradonitz, tysk organisk kjemikar (død 1896)
- 30. september
Døde
- 6. april – Niels Henrik Abel, norsk matematikar (fødd 1802)
- 10. mai – Thomas Young, britisk mangesidig naturforskar (fødd 1773)
- 29. mai – Humphry Davy, britisk kjemikar (fødd 1778)
- 14. november – Louis Nicolas Vauquelin, fransk apotekar og kjemikar (fødd 1763)
- 28. desember – Jean-Baptiste Lamarck, fransk biolog (fødd 1744)
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.