Humphry Davy
britisk kjemikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sir Humphry Davy (17. desember 1778–29. mai 1829) var ein kjemikar og fysikar frå Storbritannia. Han var fødd i Penzance i Cornwall. Davy er rekna som oppdagaren av grunnstoffa natrium, kalium, kalsium, magnesium og strontium, som han isolerte ved bruk av elektrisitet.[1]
I 1799 eksperimenterte Davy med dinitrogenoksid (lystgass), og fann at gassen fekk han til å le. Han gav gassen kallenamnet laughing gas, og skreiv at det var mogleg han kunne brukast til anestesi under smertefulle operasjonar.[2]
I 1815 konstruerte Davy ein tryggleikslampe til bruk i gruvegangar. Denne besto av ein open flamme omgjeven av eit finmaska koparnett som leia bort varme, slik at blandinga av gruvegass og luft ikkje blei tilstrekkeleg oppvarma til å danna eksplosjonar. Davy utvikla også ein tidleg bogelampe, den fyrste praktiske elektriske lampen.[3][4]
Remove ads
Prisar og utmerkingar
- 1827 – Royal Medal
- 1805 – Copleymedaljen
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads