Vitskap i 1953
From Wikipedia, the free encyclopedia
Vitskapsåret 1953 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1953.
Hendingar
Biokjemi
- 5. april – Francis Crick og James Watson publiserte "Molecular Structure of Nucleic Acids: A Structure for Deoxyribose Nucleic Acid" i Nature[1] (først kunngjort 28. februar) der dei foreslår ein spiralstruktur for DNA.[2] Dei kjem til å dele Nobelprisen i fysiologi eller medisin i 1962 med Maurice Wilkins som publiserte resultat frå røntgenkrystallografi i same nummer av Nature.[3] Den tredje relaterte artikkelen vart publisert samstundes av Rosalind Franklin og Raymond Gosling, «Molecular Configuration in Sodium Thymonucleate».[4]
- 15. mai – Stanley Miller publiserte resultat frå Miller-Ure eksperimentet i Science. Mange kjemikarar vart overraska av at organiske molekyl som finst i levande organismar enkelt kan dannast av enkle kjemikaliar.[5]
Biologi
- 4. september – Oppdaginga av REM-søvn vart publisert for første gong av forskarane Eugene Aserinsky og Nathaniel Kleitman ved Chicagos universitet.[6]
Fysikk
- Frederick Reines og Clyde Cowan utførte i løpet av våren det første eksperimentet der nøytrino vart oppdaga med den første nøytrinodetektoren (kadmium) bygd av dei ved det kjernefysiskeanlegget Hanford Site i Washington; forløpige resultat vart publisert i løpet av sommaren.[7] Dette, som først vart diskutert med Enrico Fermi og andre 1951–2, gjer at dei får Nobelprisen i fysikk i 1995.
Geologi
- Maurice Ewing og Bruce Heezen oppdaga den djupe djuphavskløfta langs sentrum av Den midtatlantiske ryggen, eit viktig bidrag til teorien om platetektonikk.[8]
Kjemi
- Rudolph Pariser, Robert G. Parr og John Pople publiserte ein datareknande kvantekjemiteori for molekylorbitalar.[9]
Teknologi
- Alan Turing publiserte ein artikkel som skildrar dei første 1 104 nullpunkta for Riemanns zeta-funksjon, kulmineringa av 15 års arbeid om korleis ein nyttar datamaskinar for å løyse eit grunnleggende problem innanfor talteori.[10]
Prisvinnarar
- Bigsbymedaljen: Kingsley Charles Dunham[11]
- Copleymedaljen: Albert Jan Kluyver
- De Morgan-medaljen: Edward Charles Titchmarsh
- Ingenjörsvetenskapsakademien deler ut den store gullmedaljen till Erik Hägglund
- Nobelprisen:[12]
- Fysikk: Frits Zernike
- Kjemi: Hermann Staudinger
- Fysiologi/Medisin: Hans Krebs, Fritz Lipmann
- Wollastonmedaljen: Erik Andersson Stensio[13]
Etableringer
- 16. februar – Det pakistanske vitskapsakademiet vart oppretta
Fødde
- 14. mai – Martin Page, britisk botanikar
Døde
- 25. februar – Sergei Winogradskij, russisk mikrobiolog (fødd 1856)
- 17. april – Sven Gustaf Wingquist, svensk maskiningeniør, oppfinnar, og forretningsmagnat (fødd 1876)
- 22. april – Jan Czochralski (fødd 1885)
- 15. august – Ludwig Prandtl tysk fysikar (fødd 1875)
- 28. september – Edwin Hubble, amerikansk astronom[14] (fødd 1889)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.