Vulture Culture

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Vulture Culture er det åttande studioalbum av The Alan Parsons Project, gjeve ut i 1984 (tidleg i 1985 i somme land) på Arista.[3]

Meir informasjon The Alan Parsons Project-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Oversyn

Den første sida av vinylutgåva (CD-spor 1-4) består berre av fire minuttar lange popsongar, medan den andre sida er meir variert, frå lett funk i tittelsporet til den lystige instrumentalen «Hawkeye».

Opphavleg var albumet meint å vere den andre plata i eit dobbeltalbum, der Ammonia Avenue var den første. Etter at plata vart delt i to separate album, fekk Vulture Culture ein meir moderne studiohandsaming med hardare trommer og dynamikk. «Sooner or Later» vart av Parsons sjølv skildra som «det tredje forsøket på å få ein ny hit med 'Eye in the Sky'-aktig gitar – 'Prime Time' frå Ammonia Avenue var den andre, som eg meinte sånn sett fungerte betre.»

«Hawkeye» er ein instrumental, men inneheld ei linje frå Monica, ei kvinne som arbeidde i kantina i Abbey Road Studios. Linja ho sa var: «Only what's on the menu».

Dette er et einaste Project-albumet som ikkje har orkestrering av Andrew Powell.

Vulture Culture var det siste Project-albumet spelt inn på analogt utstyr, som dei førre to, men miksa direkte til digitalt masterband.

Remove ads

Utgjeving

I byrjinga av 1985 nådde singelen «Let's Talk About Me» topp 40 i Tyskland (der albumet gjekk til topps[4]), i Sveits (der Vulture Culture nådde andreplassen) og i Nederland.[5] Kommenteringa i songen er lesen av Lee Abrams, på albumet omtalt som «Mr. Laser Beam» (eit anagram av namnet hans).

Vulture Culture vart ein suksess på kontinentet i Europa og Oseania og nådde topp 10 i mange land.[6] I Nord-Amerika vart det ein mindre suksess. Det var det siste albumet til bandet som selde til gullplate.

Remove ads

Innhald

Alle songar skrivne og komponerte av Alan Parsons og Eric Woolfson.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Salslister

Meir informasjon År, Liste ...

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads