Walther Nernst

From Wikipedia, the free encyclopedia

Walther Nernst
Remove ads

Walther Hermann Nernst (25. juni 186418. november 1941) var ein tysk fysikar og kjemikar. Han var ein av grunnleggjarane av den moderne fysiske kjemien, og bidrog innan elektrokjemi, termodynamikk og fotokjemi. Han er òg kjent for å ha oppdaga Nernst-likninga. Han fekk Nobelprisen i kjemi i 1920.

Kjappe fakta
Remove ads

Liv

Etter artium ved gymnasiet i Graudenz studerte han i Zürich, Berlin og Graz. Der samarbeidde han med Albert von Ettingshausen (Ettingshausen-Nernst-effekten) og Ludwig Boltzmann. Han tok doktorgraden i 1887 under rettleiing av Friedrich Kohlrausch i Würzburg. I 1889 habiliterte han under rettleiing av Wilhelm Ostwald i Leipzig. 1889 vart han assistent og privatdosent for Eduard Riecke i Göttingen.

1892 vart han gift med Emma Lohmeyer, dotter av ein medisinprofessor og kirurg frå Göttingen. I ekteskapet fekk han døtrene Hildegard, Edith og Angela og sønene Rudolf og Gustav. Begge sønene fall i første verdskrigen. 1899 skaffa Nernst seg den første privatbilen i Göttingen. Ein vidare lidenskap var jakt. Han slo seg ned i Berlin i 1905. I 1922 kjøpte han riddargodset Ober-Zibelle ved Muskau, der han etter eremiteringa si i 1933 trekte seg tilbake.

Remove ads

Verk

  • Theoretische Chemie vom Standpunkte der Avogadroschen Regel und der Thermodynamik. Stuttgart 1893
  • mit A. Schönflies: Einführung in die mathematische Behandlung der Naturwissenschaften. München 1895
  • Die theoretischen und experimentellen Grundlagen des neuen Wärmesatzes. Halle 1918

Litteratur

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Walther Nernst
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads