Minstrel in the Gallery
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Minstrel in the Gallery er det åttande studioalbumet til det britiske bandet Jethro Tull, innspelt i april og gjeve ut i september 1975. Albumet går i ei anna retning enn det førre albumet, War Child (1974) med strykeorkestreret erstatta av ein strykekvintett dirigert av David Palmer. Bandet gjekk òg attende til å blande elektriske og akustiske stykke slik dei hadde gjort på Benefit (1970), Aqualung (1971) og Thick as a Brick (1972), og for første gongen sidan dei to konseptalbuma Thick as a Brick (1972) og A Passion Play (1973), spelte dei inn ein song som varte lenger enn ti minutt og som dekkjer det meste av B-sida.[1][4]
Det var det siste albumet med bassisten Jeffrey Hammond, som vart erstatta av den tidlegare Carmen-bassisten John Glascock.
Remove ads
Innspeling
Bandet spelte inn albumet i Maison Rouge Mobile Studio i Monaco. Dei spelte inn «Minstrel in the Gallery», «Cold Wind to Valhalla», «Black Satin Dancer» og «One White Duck/010= Nothing at All» den 15. mai 1975, «Baker St. Muse» og «Grace» den 18. mai og til slutt «Requiem» den 7. juni 1975.
Produksjon
Tekstane på Minstrel in the Gallery har ei sjølvgranskande og kynisk stemning, kanskje som følgje av at Anderson nyleg vart skild frå den første kona si, Jennie Franks, og maset frå dei stadig turneane, i lag med frustrasjonar som oppstod i skrivinga og innspelinga for albumet i Monaco.[4]
Musikalsk stil og tema
Albumtittelen syner til eit trubadurgalleri i riddarhallen i ei borg eller slott. Denne analogien vart nytta tematiske i opningstalen på tittelsporet, «Cold Wind to Valhalla» og «Baker St. Muse», i tillegg til i songtekstane, som alltid er i førsteperson.
Stilmessig er albumet variert, og døme på dei beste hardrocksongane til Jethro Tull med lange instrumentale parti, med element av britisk folk og ein gammaldags, før-elisabethisk stil.[1] Team Rock kalla musikkstilen på Minstrel in the Gallery «ei heavy metal-utgåve av den særs ornamenterte stilen på A Passion Play».[5]
Utgjevingar
Minstrel in the Gallery vart ommastra med fem bonusspor i november 2002, inkludert uferdige live i studio-utgåver av «Minstrel in the Gallery» og «Cold Wind to Valhalla», somme spor som berre hadde kome ut på maxi-singlar («Pan Dance», «March the Mad Scientist») og «Summerday Sands» som var B-sida til singelen «Minstrel in the Gallery».
I 2015, i høve 40-årsjubileet til Minstrel in the Gallery, vart albumet gjeve ut i ein plateboks med to CD-ar og to DVD-ar, kalla La Grande Edition. Boksen inneheld sjeldne spor og spor som ikkje var gjevne ut før (som alternative opptak av «Requiem», «Grace» og «One White Duck») inkudert nye stereomiksar av Steven Wilson og ein konsert frå 1975 i Palais des Sports, miksa av Jakko Jakszyk. I det 80 sidar lange heftet som følgde med var kommentarar til kvart enkelt spor av Ian Anderson, historia til gruppa og minner frå livet på turné av scenearbeidaren Kenny Wylie, lydteknikar Pete Smith og musikaren i strykeseksjonen Liz Edwards.[6] Det vart òg gjeve ut utgåver på standard CD og tung vinyl.[7]
Remove ads
Mottaking
Meldinga i Rolling Stone då albumet kom ut var negativ innstilt og sa at «At Ian Anderson og karane har nok ein gong kasta seg ut i den britiske, sekulære musikktradisjonen og uttrykkjer lite og leverer enno mindre.» Meldinga omtalar musikken som «ei bølgje av stusslege strykarpassasjar», «anakronismane til Jeffrey Hammond-Hammond sine mekaniske basslinjer» og «Martin Barre sine hysteriske elektriske gitar-montasjar». Om tekstane vart det sagt «i motsetnad til det grunnleggjande konseptet på albumet er dei umiddelbart gløymde».[10]
AllMusic har ei positiv melding og skriv at albumet er «det kunstnariske mest suksessrike og utførlege dei skapte sidan Thick as a Brick». I ein analyse av musikken skreiv dei: «Martin Barre sine åtak med gitaren er like valdsame som noko anna i bandhistoria, og orgelet til John Evan matchar han forsterkar for forsterkar, medan Barriemore Barlow og Jeffrey Hammond-Hammond held sakene saman i ei rasande framføring. Hangen Anderson har for drama og melodi kjem i framgrunnen på «Cold Wind to Valhalla» og «Requiem» og er dei mest storarta akustiske songane i repertoaret ti Tull, utan anna enn vokalen og den akustiske gitaren til Anderson, bassen til Hammond-Hammond og ein liten strykekvartett».[1]
Remove ads
Salslister
Minstrel in the Gallery selde til gullplate i både USA og Storbritannia og er det niande best selde Jethro Tull-albumet.[11] Albumet nådde sjuandeplassen på Billboard-lista, og 20. plassen på UK Albums Chart – Songs from the Wood kom til å selje betre i Storbritannia to år seinare.[12] Det nådde 13. plassen på albumlista i Noreg, sjuandeplassen i Austerrike, 50. plassen i Sverige og åttandeplassen i Danmark.[13]
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Ian Anderson, utanom der anna er nemnd. Arrangementa for strykekvintetten vart skriven av David Palmer.
- Alle dei fem bonusspor var tidlegare med på 20 Years of Jethro Tull.
40-årsjubileumsutgåva frå 2015
Remove ads
Medverkande
Henta frå notat i plateomslaget til Minstrel in the Gallery.[14]
- Jethro Tull
- Ian Anderson – vokal, fløyte, akustisk gitar
- Martin Barre – elektrisk gitar
- John Evan – piano, orgel
- Jeffrey Hammond – bassgitar, kontrabass
- Barriemore Barlow – trommer, perkusjon
- Andre medverkande
- David Palmer – strykararrangement og dirigent
- Brian Ward – fotografi
- Ron Kriss og J.E. Garnett – framside av plateomslaget, basert på eit trykk av Joseph Nash
- Robin Black – lydteknikar
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads