When I Fall in Love
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«When I Fall in Love» er ein popsong skriven av Victor Young (musikk) og Edward Heyman (tekst). Han vart introdusert i filmen One Minute to Zero. Jeri Southern song den første innspelinga, gjeven ut i april 1952, med komponisten Victor Young som arrangør og dirigent. Songen vart ein standard og mange artistar har spelt han inn. Den første hitversjonen vart sungen av Doris Day, frå juli 1952.
Doris Day-innspelinga vart spelt inn 5. juni 1952. Han vart gjeven ut på Columbia Records med B-sida «Take Me in Your Arms». Songen nådde 20. plassen på Billboard-lista.[1]
Ein versjon av Natalie Cole frå 1996, ein «duett» med faren Nat King Cole med vokal frå versjonen hans frå 1956, vann Grammyprisen i 1996 for beste popsamarbeid med vokal og beste instrumentale arrangement med vokal.
Remove ads
Innspelingar
- Ein versjon av Nat King Cole frå 28. desember 1956 vart gjeven ut av Capitol Records på albumet Love Is the Thing. Songen vart òg nytta i filmen Istanbul i 1957. Cole spelte i filmen, der han song songen. Singelen vart gjeve ut i Storbritannia i 1957 og nådde andreplassen på den britiske singellista. Innspelinga vart gjeve ut på ny i 1987 og nådde då fjerdeplassen.
- Natalie Cole spelte inn to forskjellige versjonar av songen: Den første var ein moderne R&B/smooth jazz-versjon for albumet Everlasting frå 1987, og den andre ein meir tradisjonell versjon i 1996 for albumet Stardust, spelt inn som ein virtuell duett med faren Nat King Cole.
- Johnny Mathis spelte inn songen i 1969 på albumet Open Fire, Two Guitars, som nådde salslistene i Storbritannia og mange andre land.
- Sandra Dee spelte inn songen i 1960.
- Blues-lounge-songaren Etta Jones fekk ein hit med songen i 1961.
- Ein versjon av The Lettermen gav songen ut på singel i 1961 og denne nådde sjuandeplassen på Billboard-lista og toppen av Easy Listening-lista.[2] Den erfarne trommeslagaren Earl Palmer spelte på denne versjonen.[3]
- Storbandleiaren Guy Lombardo spelte inn songen. Versjonen hans kom ut i 1962 på albumet By Special Request.
- Tenåringsidolet og TV-stjerna Johnny Crawford spelte inn songen. Versjonen hans kom ut i 1963.
- Donny Osmond spelte inn songen i 1973 for albumet, A Time for Us. Denne nådde 14. plassen på poplista i USA og fjerdeplassen i Storbritannia.
- The Carpenters spelte inn songen for den siste fjernsynssendinga si, Music, Music, Music!. Richard Carpenter gav songen offisielt ut i 1989 på albumet Lovelines , seks år etter systera døydde.
- Little Willie Littlefield spelte inn ein versjon i 1990 på albumet Singalong with Little Willie Littlefield.
- Tom Jones spelte inn ein versjon i 1966 for albumet From the Heart.
- Countrysongaren Kenny Rogers spelte inn ein versjon av songen på albumet Always and Forever.
- Barry Manilow spelte ein versjon av songen i 2006.
- Operasongaren Lesley Garrett spelte inn ein versjon i 2007 på albumet med same namn.
Remove ads
Rick Astley-versjonen
Versjonen av Rick Astley kom ut i desember 1987, samstundes med 30-årsjubileet til Nat King Cole sin versjon av songen. Singelen er kanskje best hugsa for kampen om å nå toppen av singellista i juleveka i Storbritannia. Rivalane til RCA, EMI, ønskte å få sin artist, Pet Shop Boys, til topps på lista, og gav ut versjonen av Nat King Cole.[4][5] Dette førte til at Astley sin versjon selde dårlegare, og Pet Shop Boys nådde toppen av lista. Astley-versjonen stoppa på andreplassen, medan versjonen til Nat King Cole klatra heilt til fjerdeplassen.
Lister
Årslister
Remove ads
Celine Dion- og Clive Griffin-versjonen
Celine Dion og Clive Griffin spelte inn ein versjon av songen for den romantiske komedien Sleepless in Seattle og gav han ut som singel i juli 1993. Songen vart spelt inn for filmen og var opphavleg meint som ein duett mellom Dion og Stevie Wonder. Han vart nominert til ein Grammy for beste popsong av ein duo eller gruppe i 1994 og vann ein Grammy for beste instrumentale arrangement med vokal. Prisen gjekk til David Foster og Jeremy Lubbock. Songen vart sidan gjeven ut på albumet The Colour of My Love av Dion, som kom i november 1993.[8]
Musikkvideoen vart regissert av Dominic Orlando i Hollywood.
«When I Fall in Love» nådde topp 40 i fleire land, mellom anna 22. plassen i New Zealand, 23. plassen i USA og 37. plassen i Nederland. På den amerikanske Hot Adult Contemporary Tracks-lista nådde songen sjetteplassen.
I 1998 framførte Anne Murray «When I Fall in Love» i lag med Dion og gav ut versjonen på DVDen An Intimate Evening with Anne Murray...Live. Seinare kom denne versjonen ut på albumet Anne Murray Duets: Friends & Legends i 2007.
Format og innhald
- CD-singel
- «When I Fall in Love» – 4:20
- «If I Were You» – 5:07
- Britisk CD maxi-singel
- «When I Fall in Love» – 4:20
- «If You Asked Me To» – 3:55
- «Marc Shaiman : An Affair to Remember" (instrumental) – 3:30
Lister
Remove ads
Innspelte versjonar
- Andy Abraham[19]
- Bebi Dol
- Ray Anthony[20]
- Rick Astley[21]
- Chet Baker[22]
- Tony Bennett
- Brook Benton
- Bob Berg
- Cilla Black
- Andrea Bocelli
- Alfie Boe
- Chris Botti
- Boyz II Men
- Ruby Braff
- Karen Carpenter
- Betty Carter
- Chang Fei
- Alma Cogan
- Natalie Cole
- Nat King Cole
- Perry Como
- Sam Cooke
- Kevin Covais
- Johnny Crawford
- Michael Crawford
- Miles Davis
- Doris Day
- Sandra Dee
- Celine Dion og Clive Griffin
- Ken Dodd
- Echo & the Bunnymen
- Duane Eddy
- Jackie Edwards
- Jackie Evancho
- Bill Evans
- The Flamingos
- The Four Preps
- Glenn Fredly og Dewi Sandra
- Janie Fricke
- Bill Frisell
- Lesley Garrett
- Stan Getz
- Kathie Lee Gifford
- Eydie Gormé
- Jim Hall
- Isaac Hayes
- Marcia Hines
- Lena Horne
- Engelbert Humperdinck
- Bobby Hutcherson
- Brian Hyland
- Julio Iglesias
- Joni James
- Keith Jarrett
- Etta Jones
- Oliver Jones
- Tom Jones
- Stan Kenton
- Jonathan King
- Tommy Körberg
- Brenda Lee
- The Lettermen
- Yeng Constantino
- Little Willie Littlefield
- Julie London
- Laura Main og Stephen McGann
- Mike Mainieri
- Barry Manilow
- Johnny Mathis
- Maysa
- Les McCann
- Jack McDuff
- Jackie McLean
- Carmen McRae
- Brad Mehldau
- Helen Merrill
- Marcus Miller
- Hank Mobley
- Matt Monro
- Nana Mouskouri
- Anne Murray
- Siti Nurhaliza
- Laura Nyro
- Selena Quintanilla-Pérez
- Peter & Gordon
- Peter and the Test Tube Babies
- The Platters
- Arthur Prysock
- Donny Osmond
- Lou Rawls
- The Real Group
- Kenny Rogers
- Linda Ronstadt
- Diane Schuur
- Sandie Shaw
- Jeri Southern
- Brent Spiner
- Rod Stewart
- Toots Thielemans
- Jaclyn Victor
- Bobby Vinton
- Dinah Washington
- Grover Washington jr.
- Russell Watson
- Ben Webster
- Westlife
- Joe Williams
- Wynonna
- Faron Young
- Jim Verraros
- Mia Žnidarič
- Christopher Wong
- Shugo Tokumaru
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads